Vekas plate

The Black Sheeps vann suverent og takkar musikklæraren sin. Han fortener takk! Dei har visstnok fått platekontrakt, kanskje blir dei store stjerner slik m.a Håkon Moslet har spådd. Eg vonar dei gjer eit lite bidrag til at ungdomar over heile Noreg får lyst å starte band og lage enkle tre-greps låtar med masse attitude. Låtar som høyrest ut som dei er ein moderne versjon av det frå 1979, utan at ungdomane har den minste ide om det.

Inspirert av denne kanskje-postpunk-bølgen startar eg ein ny serie; Vekas plate. Sånn om lag ein gong i veka vil eg legge ut ein kort presentasjon av eit album som har gjort stort inntrykk på meg, og som eg vil tilrå andre å høyre på.

Talk Talk: Spirit of Eden

Talk Talk var ein del av det tidlege 80-talets omdanning av popen. Melankolske men tilgjengelege melodiar, elektronikk blanda med akustiske instrument og litt av haldninga frå post-punken. «It’s my life» var ein stor hit, og fleire plater selde bra. Mark Hollis og Tim Freese-Green var låtskrivarar og dirigentar. I 86 kom singelen «Life’s what you make it». Fin pop som selde. Den gav også gruppa eit visst stempel som raffinert pop-band. Den nest plata skulle droppe pop og berre stå att som raffinert. Som storseljande popheltar fekk dei boltre seg med masse dyr studiotid. Dei gøymde seg vekk, brukte masse tid og pengar og kom ut av stilla med «Spirit of Eden». Seks spor, sett saman av stemningar og element av melodiar. Skarpe, sakte rytmar ligg over gitar og piano, eit blåseinstrument i ny og ne og ei stille røyst som kjem inn frå sida.

Plata er for seine nattetimar, eller stille søndagsmorgonar og er blant dei beste frå 1988.

Farvel til kontantstøtta?

Torbjørn Røe Isaksen er ein av dei mest interessante politikarane i Høgre. Det er uklårt for meg om han står til venstre eller høgre i partiet, men han viser seg stadig å vere ein uavhengig type som har spennande tankar.

I det nye programforslaget Høgre presenterte i går, har han ei rekke dissensar. Eg merkar meg at han gjer framlegg om å avvikle kontantstøtta. Det som kanskje overraskar mest med den dissensen er at han er aleine om den.

For meg er det uforståeleg at Høgre framleis kan forsvare kontantstøtta. Partiet verkar å leve i den gamaldagse forestillinga at kunnskap er noko som høyrer skulen til og først blir aktuelt i seks-års alderen. Programforslaget illustrerer det ganske godt, ved at barnehage er plassert trygt under familiepolitikken medan skule er del av kunnskapskapittelet. I framlegget til alternativt statsbudsjett gjorde dei nyleg framlegg om å heve forreldrebetalinga, noko som vil føre til at mange barn som treng eit barnehagetilbod ikkje vil få det. Det er det motsette av å gje tilgang til kunnskap.

Om lag halvparten av grunnlaget for dei kunnskapane vi tileignar oss vert lagt før vi er fyllt seks år. Alle som har med små ungar å gjere veit at dei er som svampar etter kunnskap, og har eit stort potensiale for å lære. Språk og sosiale evner utviklar seg allereie frå 2-3 års alderen, og framover mot skulealder er lærelysta enorm. Ved skulestartalder kan ein lærar allereie merke stor skilnad på elevar ut frå kva stimulering og tilbod om utvikling dei har hatt før skulestart. Barndomen er særs avgjerande for seinare skulegong og kunnskapsutvikling.

Det er også godt dokumentert at barn som går i barnehage gjer det betre på skulen, til dømes i lesing. I ein ny forskingsrapport frå Kunnskapsdepartementet og Folkehelseinstituttet kjem det fram at barn som går i barnehage ved alder 18 og 36 månedar har betre språk. Særleg er uslaga store for minoritetsspråklege barn og for barn med foreldre med låg utdanning.

Kontantstøttebruken i Noreg har gått kraftig ned dei siste åra, men for ei gruppe går den opp. Minoritetsspråklege. Mange barn går glipp av mykje læring og utvikling på grunn av kontantstøtta. Fleire vil gjere det om prisen på ein barnehageplass går opp. Framleis byrjar det barn på den norske skulen som ikkje kan eit ord norsk, eller som er særs lite vant til kontakt med andre ungar.

Eg meiner vi skal gjere det motsette av det Høgre vil. Vi må avvikle kontantstøtten og la maksprisen bli verande på 2330 kroner. Så bør vi gjere slik SVs programkomite seier i vårt nye framlegg til arbeidsprogram for 2009-2013; Innføre eit gratis, obligatorisk barnehagetilbod for alle 5-åringar og utvikle ordningar med gratis kjernetid for enno mindre born.

Alle ungar fortener den gode staren på livet og den gode førebuinga til skulen som eit barnehagetilbod er.

Melodi Grand Prix junior

 http://services.brightcove.com/services/viewer/federated_f8/376819422

Ja, ikkje at eg er så opptatt av korkje senior eller juniorvarianten, men årets norske bidrag til den nordiske finalen får sjølv den mest hardbarka til å smelte. Les til dømes Trude Ringheim i Dagbladet papir i dag.

The Black Sheeps frå Nesseby i Finmark van den norske finalen. Dei lærte å spele instument av læraren, øver på skulen, har enormt med sjarm – og er meir rock’n roll enn dei fleste. Sjekk når dei kjem slentrane opp trappa medan dei spelar! Den vedlagte videoen er ein kandidat til årets beste, spør du meg. I alle fall i kategorien sjarm. Låtvalget er perfekt, flott indierock som tåler å bli strippa. Eg heier på Nesseby i morgon kveld.

Bombene i Mumbai

Eg holdt foredrag om internasjonalisering av utdanninng for Akershus fylkeskommune på morgonen. Det er viktig at vi både i vidaregåande skule og høgare utdanning har utveksling og ei internasjonal tenking i studiene. Eg la også vekt på regjeringas satsing på framandspråk.

Men det er bombene i Mumbai som dominerer morgonen. Minst tre angrep har det blitt til no. Over hundre drepne, ein gisselsituasjon er løst men mykje er framleis uklårt. Til dømes kven som står bak. Terrorismen er ekstremt brutal og rammar uskuldige. Kvifor Mumbai? Vi vil kanskje få svaret etterkvart, men dei som vert ramma vil neppe få ro.

Finanskrise og tiltak

I dag vart det offentleggjort at Regjeringa er i gang med å lage ei ny krisepakke mot finanskrisa. Samstundes viser nye SSB-tal uendra arbeidsløyse mellom juni og september i år. I same periode auka arbeidsløysa i USA frå 5.5-6.1%. Det viser først og fremst og raskt og seint den internasjonale finanskrisa har treft Noreg.

I Noreg vart det nyleg offentleggjort tal som viser at veksten kan bli så låg som 0.25% neste år. Bustadprisane viser allereie ein negativ tendens. Byggenæringa kan melde om bråstopp, og mange er allereie permitert i industrien. Situasjonen er særs alvorleg, men også lite oversiktleg fordi endringane skjer så raskt.

Det kan då vere verdt å minne om at vi har bak oss ein periode med historisk sterk vekst i Noreg, og at det er venta at dette ikkje kan vare evig. Det som er spørsmålet no er kor tungt den internasjonale finansuroen vil slå inn over oss, og korleis vi kan begrense ei mogeleg tøff nedgangstid.

Dette er tal som viser utvikling i arbeidløyse i Noreg dei siste åra;

 

Som vi ser har arbeidsløysa stupt. Den har ikkje vore så låg sidan tidleg 80-tal. Særleg viktig er det at mange lenge var arbeidsløysa har kome inn på arbeidsmarknaden dei siste åra, og at menneske som kunne falle varig utanfor har fått jobb. Denne figuren viser arbeidsløysa i Noreg samanlikna med andre utvalde land dei siste åra. Som vi ser har Noreg lågare arbeidsløyse enn dei andre landa, men ikkje minst ei særleg positiv utvikling dei siste åra.

 

Det er med dette gode utgangspunktet vi går mot tøffare tider. Det er ikkje uventa at det vil skje. I år ligg vi an til å få ein vekst på om lag 6% i økonomien. Det er ekstremt høgt. Budsjettet legg til grunn 1.9% neste år. Alt tyder på at veksten blir lågare. Det vert no jobba kontinuerleg med å ha oversikt over situasjonen. Det som er jobben for Regjeringa er å sette inn tiltak som treff den situasjonen vi er i.

– Vi må få den norske finansmarknaden til å virke. Det inneber at bankane må ha tilgang på kapital for å låne ut pengar til bedrifter og privatkundar. Det er det som er formålet med redningspakka som kom i oktober.

– Ramma for garanti til eksportbedrifter, byggelånsgarantien for skip og låneramma til Innovasjon Norge er utvida slik at norsk eksport og eksportretta investeringar ikkje skal stå i fare.

– Vi må få ned renta. Budsjettet og redningspakka er innretta mot det. Styringsrenta til Norges Bank går no ned. Pengemarknadsrenta (den du merkar) vert påverka av styringsrenta, men også av prisen på innlån. Det er difor både styringsrenta og redningspakken er viktig. Det er no lagt eit grunnlag for lågare rente, også ute i bankane.

– Vi må få i gang tiltaka mot arbeidsløyse som ligg i budsjettet. Bygg og annlegg vert først ramma av nedgangen, difor er det no grunnlag for å setje i gang oppussing av skulebygg, bygging av nye bygg og satsing på vegar og tog. 

– Utfordringane er likevel store, det er difor behov for både ei krisepakke til og ei rekke andre tiltak framover.