Misjonærane

Eg har vore på Madagaskar nokre dagar – uten breiband. Eg skal kome attende til bakgrunnen for besøket og nokre bilete, men to ord om den fascinerande misjonshistoria i landet. Vi rakk eit kort besøk hos Noregs Misjonssamband sine kontor, og eg rakk å lese litt om det.

Mange av oss har nok eit visst tilhøve til landet, gjennom innsamlingar og bilete frå søndagsskulen. Madagaskar har vore eit norsk bistandsland – men særleg misjonsland. Religiøse, og ofte fattige, norske kvinner og menn har finansiert misjon i landet sidan 1866.

Dette året drog dei første norske misjonærane ut frå Stavanger til Madagaskar. Det blei mobilisert i kristne miljø. Det var opna for misjon igjen, etter at det tidlegare hadde vore forfølging av kristne misjonærar der. Det var ingen spøl å dra som misjonær til Madagaskar i 1866. Det seiest at mange fekk laga si eiga kiste og pakka i den. Dei tok farvel for ei fleire månadar lang sjøreise med beskjeden «vi sjåast i himmelen».

Misjonærane etablerte norske stasjonar, dreiv misjon og bistand, etablerte skular og har bidratt til å etablere ei luthersk kyrkje. Dei var godt over 100 misjonærarar der samstundes på det meste, no er dei 18 misjonærarar og om lag 30 personar totalt. Norske misjonærarar i landet har skrive bøker om Madagaskar, har oversett bibelen til gassisk og norske misjonskjelder er viktige bidrag til gassisk kunnskap om eige land dei siste 140 åra.

I dag er 47% av folket kristne, halvparten av dei protestantar. Ei luthersk kyrkje verkar å vere veldrive og har 2.5 mill medlemmer. Eg vil tru dette er ei stor suksesshistorie sett frå misjonærane sin ståstad. Og dei har utan tvil gjort mykje viktige utviklingsarbeid.

Men for eit offer. Om lag 150 nordmenn har mista livet ifm misjonsarbeidet der. Tenk for eit slit det må ha vore å kome dit på 1800-talet utan språk og kontaktar. Kva tenkte dei på dei som drog? Kva fekk dei til å forlate Noreg? Og kva fekk dei til å bli, medan slitet var på det verst og misjonærarar og ungar døydde av Malaria?

Det er eit stykke fascinerande historie. Ein suksess for misjonen. Den sentrale årsaken til at Noreg har eit tettare tilhøve til Madagaskar enn dei fleste andre fjerne land. Men eg tenkjer på slitet – og på kva som dreiv misjonærane.

5 tanker på “Misjonærane

  1. Det er vel rimelig åpenbart at den største drivkraften for misjonærene var religiøs overbevisning. Om det er et eksempel på at religion som drivkraft for noe godt, utviklingshjelp til tross, er det vel heller delte meninger. Men i (god) luthersk/Haugiansk tradisjonen er misjonærene et eksempel på at sterk religiøs overbevisning leves ut i praksis.

    Jeg ser i likhet med Statsråden også på dette med vesentlig facsinasjon, dog er jeg som ateist mer skeptisk til trangen til misjon, særlig i de tilfeller hvor det stiltes krav til omvending for å få hjelp.

    Lik

  2. Bistand og misjon har alltid gått hånd i hånd. Tenk hvilket offer det har vært å reise fra familie og venner for å drive misjon i andre verdensdeler. Misjonærene idag tjener lite i norsk målestokk, men jobber likevel med stor innsats.

    De 3000 foreningene og forsamlingene i Norge sørger for enormt mye penger som går til misjonering og bistand. På tide at du ber Halvorsen sette opp skattefradraget enda mer for gaver til frivillige organisasjoner!

    Lik

  3. Har du gått vill i kulturimpeialismens kjølvann? Man kan bli imponert over nazistenes effektivitet også, men man trenger ikke sette det øverst på tavla.

    Lik

  4. Gratulerer med blogg (og med nominasjonen, forresten). Må si jeg blir imponert hvis du greier å holde bloggen i live samtidig som du kombinerer statsrådplikter med familieliv! Det kan faktisk være lettere å få skrevet litt ekstra når man er på reisefot…

    Lik

  5. Grattulerer med blogg! Den skal leses. At misjon har bidratt til skoler, ol. er flott. At de har spredd kristendom er ikke noe jeg ser som spessielt positivt, men jaja 😉

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s