Kampfly og kvalitet

Den store politiske saka det siste døgnet har vore kjøp av kampfly. Regjeringa la fram sin konklusjon i går. AP og SP går inn for å forhandle om kjøp av amerikanske F35 (Joint Strike Fighter). Vi i SV har teke oss noko tid til å handsame saka i partiet. Som dei fleste har skjøna dreier ikkje det seg om utfallet av saka, men kva vi i SV skal gjere.

Når det ikkje dreier seg om utfallet er det fordi dei faglege vurderingane på pris og operative krav langt på veg avgjorde saka. Sjølv var eg særs skuffa då eg fekk konklusjonane første gong – ja eg kunne nesten ikkje tru det. At det svenske flyet Jas Gripen skulle vere langt svakare ut frå dei kriteria som er sett og langt dyrare, er overraskande.

Eg er mellom dei som meiner at Noreg må ha eit kampflyvåpen, sjølv om det kan framstå vanvittig å bruke titalls milliardar på å kjøpe kampåfly. Vi har ansvaret for å overvåke enorme havområde, og vi skal hevde suverenitet på vårt territorium. Då meiner eg kampfly er nausynt. Grunnen til at eg har hatt tru på det svenske sporet er at det kunne innebere ei viktig nyorientering tryggingspolitisk. Vi kunne ta eit viktig materielt steg frå USA mot Norden, og stå med beina i fleire leirar – også når det gjeld materiell. Dersom det svenske flyet var godt nok, billegare og betre for norsk industri meinte eg det var overbevisande argument for det.

Det er imidlertid vanskeleg å argumentere for ei løysing som fagfolka meiner er for dårleg og som har ein høgare pris. No blir det interessant å sjå om den prisen som ligg til grunn held – og om dei faglege vurderingane er robuste i den vidare debatten. Det er enno ein lang veg å gå før kontrakter er underskrive og kampfly er innkjøpt.

Min dag i dag har imidlertid vore prega av at Stortinget har debattert stortingsmeldinga om Kvalitet i skolen. Den la eg fram før sommaren. Reaksjonen ute i skulen og i media har vore særs positiv, og opposisjonen slutta seg til dei fleste framlegga. Innstillinga frå komiteen finn du her.

Kjernebodskapen i meldinga er at vi skal sikre oss at elevar i Norge må lære meir, at fleire må fullføre vidaregåande og at alle skal oppleve mestring og innkludering. Det dreier seg om ungar sine muligheiter i Noreg, men også om å redusere sosiale skilnadar.

I meldinga varslar vi ei massiv satsing på tidleg innstas for å få til dette. 1 mrd til fleire lærarar i 1.-4. klasse ligg i budsjettet, obligatoriske karteggingsverktøy i lesing dei første skuleåra skal innførast, etterutdanning i lesing vert gjennomført i år og neste år.

Vi varslar også eit lærarløft, fordi ein god lærar er det viktigste for at elevane lærar. I budsjetet ligg det 400 mill til etter- og vidareutdanning, vi får for første gong eit varig tilbod om etterutdanning av tusenvis av norske lærarar i året. Rekrutteringstiltak ligg også i budsjettet, ein rektorskule med tilbod om utdanning til alle nytilsette rektorarar vert starta neste år.

Så varslar vi ei klårare nasjonal styring av skulepolitikken, men også ei klårare styring på alle nivå; Kommunalt og på den enkelte skule.

Har du tru på denne medisinen? Kva er det viktigaste vi kan gjere for å betre skulen?

4 tanker på “Kampfly og kvalitet

  1. Hva jeg mener vi burde gjøre for å få skolen bedre? Det har jeg skrevet om her. Du er sikkert riv ruskende uenig med en god del av det, men det skader jo ikke om du leser det fordet 😛

    Lik

  2. Utmerket, mange gode tiltak. Så hvordan ser planen ut for å sikre kvalitet i den samiske skolen – den som ikke har en eneste bok i tråd med siste læreplan Kunnskapsløftet?

    Hvor lenge skal samiske barn sendes til en samiskspråklig skole med norske bøker i sekken? Det er bare å lese statistikken: barn på samiske skoler gjør det dårligst og mobbes mest. Og de er uten bøker?

    Alle skal med?

    Lik

  3. Tilbaketråkk: Flykjøp

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s