P1030339



P1030339, originally uploaded by Bård Vegar Solhjell.

I forrige veke var eg på Madagskar. Besøket var del av førebuingane til eit stort FN-møte i Oslo i Desember som skal følge opp det internasjonale målet om Utdanning for alle. Millioner av born verda over får ikkje skulegong. Madagaskar er eit døme på det. Landet har 5-årig grunnskule, om lag 55% av elevane fullfører den. Under 5% av folket startar på høgare utdanning, og av dei forsvinn mange til utlandet.

Talent er ein ressurs som alle land i verda har. Å kunne utnytte talentet er heilt naudsynt for eit lands utvikling. Då må det finnast skular, utstyr og ikkje minst lærarar. Det er stor lærarmangel internasjonalt. Dessutan må skule vere eit reellt alternativ. Den viktigaste grunnen til at så mange born ikkje går på skule på Madagaskar er at alternativet – å vere heime og arbeide – er naudsynt for familien.

Madagaskar gjer likevel store framsteg på dette området. Fleire får skulegang, nye og betre skular vert bygd og dei får fleire kvalifiserte lærarar. Fram til nyleg har undervisninga i landet gått på fransk – eit språk dei færraste barn forstår. No er det innført undervisning på gassisk. Også internasjonalt er det framsteg, og tusenårsmålet om at alle skal ha skulegang er eit av dei måla der framgangen er solid.

4 tanker på “P1030339

  1. Flott at politikere fokuserer på ting som dette. Selv synes jeg det aller viktigste kriteriet når jeg skal stemme er hvor opptatt partiet er av å hjelpe fattige land. Solidaritet handler om å ville hjelpe de som trenger hjelpen mest, og få av de bor i Norge. Hadde det ikke vært kult om SV gikk inn for å gi oljefondet til bistand? Eller i det minste halvparten? Da ville SV blitt det eneste partiet i Norge som virkelig er på de svakes side 😉

    Lik

  2. Tilbaketråkk: Sweet Tech Blog » March 31 is World Backup Day 2011

  3. Apple now has Rhapsody as an app, which is a great start, but it is currently hampered by the inability to store locally on your iPod, and has a dismal 64kbps bit rate. If this changes, then it will somewhat negate this advantage for the Zune, but the 10 songs per month will still be a big plus in Zune Pass’ favor.

    Lik

  4. BÃ¥rd Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » P1030339 I was suggested this blog by my cousin. I am not sure whether this post is written by him as nobody else know such detailed about my trouble. You are amazing! Thanks! your article about BÃ¥rd Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » P1030339Best Regards Cassetta

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s