Palestina 3

Mine innlegg om Israels bombing av Gaza-stripa har skapt litt debatt. Nokre av innlegga er gode, og etterlyser nyansar i den offentlege debatten (og i mine innlegg). Ikkje minst i synet på Hamas. Det kan eg forstå. Reportasjar som denne er truleg eit betre uttrykk for mange sine kjensler enn skråsikre talsmenn.

Det er eg samd i. Eg er nok feil mann å skulde for ikkje å kritisere Hamas. Organisasjonen er ytterleggåande, og har openbart provosert fram ein tilspissa situasjon. Hamas ligg mykje nærare ein militant utgave av vestlandsk indremisjon enn SV. Dei held fram med å sende rakettar mot Israel. Dette har eg peika på i to postar no. Palestinarane må likevel få velje sine leiarar, og vi bør ha kontakt med både dei og det israelske folket sine leiarar.

Men ingen må la seg forville til å tvile på nokre sentrale fakta. At Israel har brote fleire FN-resolusjonar som stadfestar grensene frå 1967. At det er systematisk busetting på palestinsk land. At det vert bygd ein mur som er i strid med folkeretten. At Israel okkuperer palestinsk land. At det som skjer i dei okkuperte områda er, for å sitere til dømes Jimmy Carter, er Apartheid. Fredrik Mellem minte meg igjen på noko:

Det forrige avsnittet er ikkje mine påfunn. Det er FN og det internasjonale samfunnet sine påfunn. Problemet er at vi gjer for lite med det.

At Israel er verdas 5. største militærmakt og har tatt livet av over 300 menneske på 3 dagar er også eit faktum. Audun Herning tipsa meg om denne bloggen, for personlege opplevingar frå bakken.

Dramatisk på Gazastripa

Den geografisk begrensa Gazastripa er på veg inn i ei stor humanitær katastrofe.

Lite tyder på at Israel er ferdig, snarare tvert om. Forsvarsministeren har i ei rekke intervju understreka at han ikkje vil avvise ein bakkeoperasjon. Israel er i ferd med å stenge av Gaza. Hamas eller Hamas-grupper held fram med å skyte rakettar mot Israel, og sikrar dermed den israelske leiaraskapen det dei treng av grunnlag for å halde fram.

Hamas ved makta i Palestina og eit Israel som trur dei kan bombe seg til fred er ein katastrofal kombinasjon. Mest katastrofalt er det at Israel ikkje møter ei klårare og meir samstemt internasjonal fordømming, og ein vilje til å sette koordinert makt bak krava. USA er avventande, og legg eit hovudansvar på Hamas. FN er lamma. Europa spriker, men mange land kritiserer Israel klart for overdriven maktbruk.

Her er ei oppsummering av reaksjonar. Og her ein interessant analyse av korleis Israels brutale angrep vil splitte synspunkta i den arabiske verda enno meir.

The Velvet Underground: Velvet Underground and Nico

The Velvet Underground selde ikkje mange eksemplar av sine fire album (eit legendarisk, eit fantastisk, eit veldig bra, eit bra), men det vert sagt at alle som kjøpte platene deira starta eit band.

Dette er den legendariske plata. Full av flotte rockelåtar. Prega av John Cale og Lou Reed’s ulike innverknad som til saman gav eit spesielt og rikt lydbilete oppå enkle melodiar. Det er til tider utruleg enkelt, likefullt høyres plata enno nesten eksperimentell ut. Den har noko mørkt og skummelt over seg, fyllt av rus og død i storbyen. Og så har den fantastiske Nico med på tre låtar, ei dame eg skal kome attende til.

Coveret er av Andy Warhol, som på denne tida hadde studioet «The Factory» i New York. Det var tumleplassen for ei rekke kunstnarar, og han tok VU under sine vengjer.

Dette opptaket er eit sjeldant, og veldig søtt, opptak av bandet med ei ung Nico. Her ser du Cale og Reed framføre Heroin akustisk på sang, gitar og fiolin. Alle desse tre har elles viktige solokarrierar med flott musikk bak seg etter å ha spela i VU.

Dersom du verkeleg likar rock du høyre denne plata. Eg meiner det. Du må også høyre den som berre heiter The Velvet Underground, den er like bra.

Palestina

Kvart år valfartar mange truande til Jerusalem og andre byar i Israel rundt jul. Julebodskapen kjem som nærast der, vert det sagt.

For meg verkar det som julebodskapen er som fjernast for politikarane i Israel. I dag angreip dei mål på Gaza-stripa, og drap minst 200 menneske i løpet av kort tid melder Dagbladet og NRK. Les videre

God jul

Eg tek eit lite helgedagsavbrekk med juletemaet julesongar – av alle slag. Kom gjerne med dine bidrag. God jul til alle lesarar!

1. Det lyser i stille grender. Min barndoms julesong, ingen likar eg så godt som den. Tekst av Jakob Sande. Det femte verst vart stroke av Sande då den først kom ut, og vert vanlegvis ikkje sunge. Ei har vald ut ei fin kvardagsframføring, som minner om juletida på ein norsk skule.

2. Julekveldsvisa.

3. Little Drummer Boy/Peace On Earth. Det klassiske opptaket med Crosby og Bowie (eg har faktisk singelen). Eg vart mint på denne via ein post på Fredrik Mellom sin gode blogg.

4. Low: Just Like Christmas. Stillfarent amerikansk band med ein vakker julesang. Inneheld tekstlinja «By the time we got to Oslo, the snow had stopped»

5. Glade Jul

6. Himmel på jord. Relativt ny julesang. Amund Enger sin melodi, Jan Vincents Johannessen sin tekst.

7. Pogues m Kirsty MacColl: Fairytale of New York. Denne må jo med. For alle som ikkje kjenner bandet, sjekk tennene.

Afrika

Dramatisk politisk jul på det afrikanske kontinentet, i land som allereie er ekstremt plaga.

Somalias nyutnemnde statsminister går av, i eit land som er ekstremt prega av borgarkrigen mellom regjeringsstyrkar og opprørsstyrkar i det islamsk dominerte sør.

I vestafrikanske Guinea har det blitt gjennomført eit kuppforsøk (eller eit kupp), men situasjonen er uklår to dagar etter at President Lansana Conte døyde. Den Afrikanske Union held krisemøte om situasjonen i dag.

I Zimbabwe held den katastrofale utviklinga fram. Mugabes opptreden gjer lite håp om noko fornuftig løysing.