Nyhende 2.0

Øivind Solstad har lagt igjen ein liten kommentar til min artikkel om terroråtaka i Mumbai. Gjennom den vart eg merksam på hans særs interessante artikkel om sosial web og nyhende.

Han viser korleis folk oppdaterte dei sosiale nettstadane – twitter, flickr m.fl – kontinuerleg under dei dramatiske hendingane i Mumbai. Folk la ut bilete, korte skildringar av det som skjedde og etter kvart vart det laga kart og videoopptak. Det var med andre ord ei rekke «reportarar» på plass før dei tradisjonelle nyhendeformidlarane kom.

Eg trur ikkje sosiale nettstader vil erstatte TV. Slik tv kom i tillegg til radio og internett i tillegg til bøker, vil sosiale nettverk kome i tillegg. Men web 2.0 vil nok utfordre dei tradisjonelle mediene i enno større grad. Dei må leite etter rollen dei best kan fylle.

Framtidas nyhetsoppdatering skjer truleg gjennom å ha både laptop og TV. Det eine for dei raske inntrykka, det andre for dei analyser og stadfesta utviklingstrekk.

3 tanker på “Nyhende 2.0

  1. Det blir spennende å se hvordan ting vil fungere i fremtiden. Selv ser jeg ikke noe behov for å se på noe annet en vanlige nyheter på TV og i aviser/nettaviser med det første, men vi får se.

    Lik

  2. Hei Bård Vegar,

    Nettet gir også nyttig førjulsglede. Anbefaler Asbjørns Klimakalender. Asbjørn Brekke gir her gir 24 klimatips som vil få ned tempen på jorda littegrann.

    Kalenderen er en del av Klimaløftet, og ble lansert av din partikamerat Heidi Sørensen forrige fredag.

    Og er du en sann klimavenn vil du kanskje også anbefale denne virtuelle – og dermed miljøvennlige -julekalenderen gjennom en liten bloggsak.

    Sjekk ut http://www.asbjornsklimakalender.no

    Spre det gode klimabudskap!

    Lik

  3. Hei Bård Vegard.

    Kjempeflott at du stikk hovudet fram på Internett. Fleire kunne gjort det utan at eg trur nokon ville sagt at det vart for mykje av det gode.

    Men når det er sagt…eg vil gjerne innvitera deg til ein time i klassa mi. Eg skal seia i frå nøyare når det vert aktuelt, men eg ser føre meg at eg i løpet av dei to neste åra kjem til å koma inn på temaet «opphavsrett».

    Som nyutdanna i vår, fekk eg ansvar for 26 podar der eg skal gjere mitt for å lære dei om nettopp korleis ein skal handsama materiale som ein kjem over på Internett. Eit av områda eg då vil koma inn på er kva reglar som gjeld for å nytta andre sine bilete.

    I posten din ovanfor ser eg at du har lagra skjermbiletet av Geir Holen som originalt vart publisert av NRK som illustrasjon. Mange av «kidsa» eg har i klassen hadde ikkje sett noko problem i dette heller så slik sett ynskjer eg deg hjarteleg velkomen for ei opplysande økt om opphavsrett.

    Ps. Eg tek atterhald for at eg kanskje kjem til å verta utbrent før sumaren, for med 26 elevar ein skal ha hand om er det ikkje lett å få til god undervisning. Sjølv ikkje Kjetil Rekdal er interessert i å ha for mange i spelartroppen sin…og han har med vaksne folk å gjere som vel for det meste veit å ta i mot ein beskjed. 😉

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s