Raudgrønt i Sverige

 http://www.aftonbladet.se/svn/tv/flash/satelliteEmbed.swf?aid=http://www.aftonbladet.se/webbtv/nyheter/inrikes/article3939669.ab?service=tv

Interessant å sjå at Vänsterpartiet (det svenske SV. Partiet har ei anna historie, men spelar den same rollen som vi gjer i svensk politikk), Socialdemokratarna og Miljöpartiet i dag har lansert eit raudgrønt samarbeid i Sverige. Den svenske borgarlege alliansen treng å bli bytta ut. Eg trur Vänsterpartiet vil ha ein særs positiv effekt på eit «satt» socialdemokrati både i sosiale spørsmål og utanrikspolitikken, og det bør vere håp om ein radikal miljøpolitikk.

For ein del veker sidan kom nyhenda om at S og Mp ville gå vidare med eit samarbeid utan V. Allereie då mistenkte eg at det ikkje ville vare. Krafta som ligg i ønskjet om ei samling til venstre er sterk, ikkje berre i Noreg. Både i S og V kom dette ønskjet fram, og mange i den sterk S-lojale fagrørsla krevde også eit samla alternativ.

No er vi der. Vänsterpartiet måtte akseptere premissa i budsjettpolitikken, som dei er sterkt kritiske til. På den andre sida vil dei no stå i sentrum for svensk politikk, som hoggestabbe for dei borgarlege og premissleverandør for debatten. Eg trur det same vil skje i Danmark. Eg var på besøk hos vårt søsterparti SF for ein månad sidan. Eg spiste middag med leiar og partisekretær, talte til folketingsgruppa og gav nokre intervju. SF-leiar Villy Søvndal forsøker å etablere eit fast regjeringsalternativ mellom SF, sosialdemokratiet og Radikale Venstre (eit sentrumsparti). Dei er førebels i ein fase der det er mykje fram og tilbake om det. Eg er nokså sikker på at tyngdekrafta i Danmark også vil gå i retning av eit ruadgrønt samarbeid. Det partiet som seier nei vil bli straffa, difor endar alle opp med ja.

V og leiaren Lasse Ohly har lenge fulgt tett med på det SV har gjort i Noreg. Dei har latt seg inspirere, og kanskje også lært av nokre feil! Eg har allereie sendt SMS til Lasse og ønskja lukke til.

2 tanker på “Raudgrønt i Sverige

  1. Det er absolutt interessant, fordi det innebærer at Norge og Sverige igjen ligger an (hvis vi tar meningsmålingene som bevis) til å gjøre en veksling: Mens vi har borgerlige regjeringer, har svenskene sosialdemokratiske og motsatt.

    Kanskje er dette en slags antipartikkel for regjeringsslitasje, der man over landegrensene får såpass avstand til politikken at man klarer å forholde seg til naboens ideer som gode ideer, og dermed adopterer hverandres politikk i sykler? Kunne vært en interessant statsvitenskapsoppgave.

    Lik

  2. Selvsagt så har de sett på hva vi har gjort i dette landet, men med helt andre forutsetninger. De nåværende skoleministeren Jan Bjørklund uttalte igår at Lars Ohly kommer til å bli den nåværende regjeringens beste valgkampsmedarbeider, og jeg tror jaggu’ han har rett! Hvis Ohly fortsetter å holde seg til sannheten på samme måte som tidligere, og V fortsetter med sin argumentasjon som de har gjort det siste året – da blir Reinfeldt & gjengen sittende…

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s