Young Marble Giants: Collective Youth

Young Marble Giants rakk berre å gje ut eit skikkeleg album. Det er til gjengjeld veldig bra og veldig orginalt.

Hakkete gitar, ungpikesang og naive tekstar er essensen i eit av dei mest interessante postpunk-banda. Den einaste verkelege albumet deira, «Collective Youth», er ei fin samling korte og søte songar. Over «Credit in the straight world», som også er covra av Hole (altså bandet til Courtney Love). Under «Brand New Life» i eit konsertopptak med dårleg lyd. Du kan høyre at melodiane er veldig postpunk. Enkle, få grep, fine pop-akkordar i bånn. Det er først og fremst lydbiletet som gjer bandet eit særpreg. Lavmelt og innbydande står det i skarp kontrast til mange av dei samtidige banda. Vel verdt å sjekke ut.

Én tanke på “Young Marble Giants: Collective Youth

Det er stengt for kommentarer.