Politisk TV-reklame

I dag kom dommen frå menneskerettesdomstolen i Strasbourg om politisk TV-reklame i Noreg. Den seier at vårt lovforbod er i strid med ytringsfridomen. Dommen får konsekvensar for andre land som har liknande forbod.

Ein kan vere for eller mot politisk TV-reklame. Sjølv er eg mot, eg trur det i aukande grad vil gjere lommeboka avgjerande for innverknad i politikken.

Det kan vi diskutere, ulike parti kan ha ulike syn. Ved valet neste år vel vi eit fleirtal som kan sette sin politikk ut i livet, på dette som på andre felt. Det som har skjedd no er imidlertid at spørsmålet er løfta ut av poltikken, det er blitt jus. Først i norsk rett. Høgsterett sa i ein samrøystes dom at det norske forbodet ikkje var i strid med ytringsfridomen.

Er dette verkeleg eit spørsmål som avgjerast av retten, og ikkje av politikken? Er det i det heile eit spørsmål om ytringsfridom om ein skal kunne kjøpe reklametid for pengane sine, og korleis dette vert avgrensa?

Å ytre politiske og andre meiningar er ein viktig menneskerett. Då må det finnast rammer for denne retten. Det må vere ein rett som vert handheva. Spørsmålet er i kva grad internasjonale rettsinstansar skal regulere korleis dette vert gjennomført. I Noreg er reklame lov på kino men ikkje på TV. Det er no dømt å vere i strid med ytringsfridomen. I andre land er det lov på TV, men berre opp til eit viss beløp per parti og berre i visse periodar. Det er ikkje i strid med ytringsfridomen. Kva er den prinsippielle skilnaden?

Dommen i dag problematiserer tilhøvet mellom kva som bør vere politikk og kva som bør vere jus. I andre samanhengar prisar vi oss lukkelege for eit internasjonalt rettssystem som kan handheve rettar. Men fleire dommar dei siste åra har fått meg til å spørre meg om kvar grenseoppgangen mellom jus og politikk bør gå. Eg har ikkje fasitsvaret, men meiner vi bør reflektere over det.

5 tanker på “Politisk TV-reklame

  1. Tilbaketråkk: Tromp » Blog Archive » Politisk reklame

  2. bytt ut «politisk TV-reklame» med «TV-reklame for alkohol», og kjør samme argumentasjonsrekke, da blir det kanskje tydeligere for deg hvor absurd det er å lage et slikt kunstig skille mellom reklame i TV og de andre mediene.

    (og uansett, tv blir gradvis mindre og mindre interessant som markedsføringsmedium….)

    Lik

  3. Jeg er for politisk TV-reklame men svært skeptisk til at dette spørsmålet – som på ingen måte kan kalles et sentralt menneskerettighetsspørsmål – skal løftes ut av den norske politiske debatten og konteksten og avgjøres av en domstol på kontinentet.

    Men sånn går det når man presser på for at mer og mer av norsk politikk skal avgrenses av internasjonale konvensjoner og dertil lover og regler. Her har SV et stort ansvar.

    For noen år siden ble jo også KRL-faget skutt ned av FNs menneskrettighetskomite. Det er på tide at vi tar debatten i Norge om hvor mye vi skal la domstoler utenfor Norge avgjøre norsk politikk.

    Mvh Eric

    Lik

  4. Det er jo ikkje slik at rettar og rettsvern nødvendigvis svekkjer demokratiet, det styrkar det også. Dersom eit politisk fleirtal først seier: Ytringsfridom er ein rett. Eller: Ingen skal bli torturerte. Så kjem det brått eit politisk fleirtal som vil innføre tortur og kneble ytringsfridomen. Då er det ein demokratisk styrke at dei ikkje berre kan gjere det. Dei må først gå ein lang veg for å få oppheva rettane.
    Elles er dei ei mistyding at politisk TV-reklame må bety auka makt til dei med mest kapital. Vi kan jo berre innføre ordringar med maks-grenser økonomisk eller kvantiativt på TV-reklamen eller ha restriksjonar i kor mykje som kan sendast. Slik som i Tyskland,Frankrike, Hellas, og Spania t.d.
    Elles: Flott blogg. Bra at variert innhold og så lite svada! 🙂
    Svein T.

    Lik

  5. Det ironiske her, må jo være at det var pensjonist partiet som vant fram i Strasbourg; et parti uten den store lommeboka. Da synes jeg argumentet ditt, Bård, faller litt sammen. Skulle ikke Pensjonist partiet, eller andre mindre partier med begrensede midler, få lov til å få mest mulig ut av hver eneste krone? Når møtte du sist pensjonistpartiet, eller et annet miniparti, i en debatt på rikdsdekkende TV?

    De større politiske partiene kan trygt si de er imot tv reklame, av den grunn at de fra før av får god dekning (gratisreklame) i riksdekkende medier.

    Frykten for amerikanske tilstander tror jeg er ubegrunnet, av den enkle grunn til at jeg har tro på at norske partier, som SV, har politisk moral. Tar jeg feil?

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s