Kjartan Slettemark

 Foto: Arne Stubhaug

Min sambygding Kjartan Slettemark er død, melder VG. Han budde store delar av sitt vaksne liv i stockholm, men var frå Naustdal. På biletet over står han med kyrkja i Naustdal i bakgrunnen. Eg traff han sjølv fleire gonger, og har fleire bilete av han. Han var ein spesiell person, og ein stor kunstnar.

Midt på 90-talet var eg tilstades saman med hundrevis av andre på ein fantastisk performance han hadde i Bergen. Eit lerret vart rulla ut på samleband foran Slettemark og to assistentar. Dei mala dei etter tur med kvar sin svaber i ulike fargar. Til musikk: Kjerringa med staven vart spela baklengs. Etterpå vart kvart lerret seld for 1000 kroner 🙂

Eg siterer kort frå avisa Firda:

Slettemark har vore sjuk i haust, og han døydde på eit sjukehus i Stockholm, byen der han budde storparten av sitt vaksne liv. Han var fødd i Naustdal 6. august 1932, og i fjor sommar var det stor feiring av 75 årsdagen i heimbygda. Då vart også skulpturen ”Budeia” avduka på friluftsområdet Sanden. Dette var siste gong han var i Naustdal. 

Slettemark var i ein periode av mange sett på som ein kontroversiell kunstnar, som utfordra og provoserte det etablerte. Mest kjend frå denne tida er det såkalla Vietnam-biletet ”Barn overskylles av brennende napalm”, som vart knust framfor Stortinget. Han gjekk nye vegar og prøvde ut nye teknikkar, og han markerte seg som performance-kunstnar.

8 tanker på “Kjartan Slettemark

  1. Jeg traff Kjartan for mange år siden da han var i «sin gule periode» – kledd i gult fra topp til tå. Han og kjæresten(?) kom inn i hagen vår – gjennom hekken – og slo av en prat. En sprudlende, uforglemmelig opplevelse:)

    Lik

  2. Slettemark var åpenbart gal, men det kom en del glitrende kunst ut av galskapen, og en god del skikkelig skrot. (Som den nødutgangen han dekorerte på sjukehuset i Førde. Jeg har alltid mislikt den intenst) Men jeg liker nå fargerik galskap, så gubben kommer til å bli savnet.

    Lik

  3. KjARTan var en storARTet kunstner! Mulig var det derfor han valgte å flytte til Stockholm og fra det trangsynte norske kunstmiljöet på 60-tallet. I Sverige har han hatt enorm påvirkning på kunstmiljöet og det er mange kunstnere og andre her i Stockholm som er KjARTan evig takknemelig for at han valgte å bo og arbeide her.

    Lik

  4. Kjartan Slettemark var ikke gal. Han var et medmenneske. Jeg møtte ham ved ulike anledninger. I det private var han en ganske stille mann, forsiktig, søkende, vennlig. Han skapte sin kunst ved å bruke sin egen person som utgangspunkt for det han ville si. Og da fremstod han som grenseløs på alle vis. Som en Bajazzo, klovnen som får oss til å le og undres, og som slik skjuler sin egen sårbarhet. Jeg er glad for at jeg kjente ham. Aud Schei Lilleengen, billedkunstner

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s