HAL

Eg kan ikkje ha Captain Beefheart liggande som vekas plate utan å skrive om Harald Are Lund, hans største fan og mannen som introduserte meg for han. I den grad eg har eit idol, må det vere han.

Han var i mange år ein viktig person for meg. Harald Are Lund er ein musikkjournalist som i mange tiår har arbeidd i NRK. Der har han gradvis utvikla seg til ein institusjon, med eit kult-renome for å spele ny og ukjent musikk og ha eit fantastisk kunnskapsnivå. Han er Noregs svar på John Peel. Lund har også produsert ein del norske plater, til dømes den klassiske Friendship av progrock-bandet Junipher Greene.

Det er som radiostemme eg har eit tilhøve til Harald Are Lund – eg har aldri møtte mannen. Han var min første guide inn i ukjent musikalsk terreng. Eg byrja å lytte til programma hans tilfeldig, kom over han på radioen ein kveld. Det første eg kan hugse er at han spela den nye plata til ein artist som heitte Tom Waits og slo fast at mange hadde gledd seg til den. Det må ha vore 1985, for det var Rain Dogs. Eg skjøna lite då av musikken, og syntes ikkje det var mykje å gle seg over. Det var rar musikk. Lund spela imidlertid også musikk frå det meir kommersielle hjørnet, og brakte meg gjennom det gradvis inn i eit rom som opna dører vidare mot Tom Waits – og mange andre. Den norske rariteten «Clockwork Orange» oppdaga eg via a han.

Radioskopet, Piggtråpaviljongen, Blå minutter, HAL – programma vart mange opp gjennom åra. Eit fint intervju med han ligg her. Det som kjenneteikna dei var ein søken etter ny og annleis musikk, og ein vilje til ikkje å gå seg fast i ein sjanger.

No er Lunds rolle på radio i ferd med å bli redusert. P3-leiinga har kutta sendetida hans, og tatt av torsdagprogrammet der han presenterer ny musikk. Det gjekk ein heftig debatt om det for ei tid sidan – det vart til og med lansert ein underskriftkampanje. Eg sluttar meg til dei som undrar. Ville NRK tatt Arne Scheie av fotball? Burde ikkje ein institusjon som Lund heller få spele seg ut? Eg vonar den nye timesplasseringa på P2 kan by på mykje spenning, sjølv om rommet hans blir redusert.

2 tanker på “HAL

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s