Blonde Redhead: Misery is a Butterfly

Eit av mine favorittband frå det siste tiåret. Blonde Redhead må i alle fall vere verdas beste band med italienske tvilligbrødre i.

Dei byrja som ein slags variant av eit anna New York-basert band, Sonic Youth. Det var då også trommisen derfrå, Steve Shelley, som produserte den første plata deira i 1995. I løpet av få år vart dei eit poporkester. På 2000-talet har dei gjeve ut 3 album med vakre, dvelande popmelodiar sterkt prega av dyktig og orginalt gitarspel frå Amadeo Pace. Det er ofte nedtona, med stemme og melodi i fokus. No er dei på det særprega britiske plateselskapet 4AD. Det verkar logisk ut frå musikken spør du meg.

Oppsettet er litt orginalt, to på gitar og ein trommis. Dei to gitaristane Kazu Makino og Amadeo deler på å vere vokalist, med ekstremt ulike stemmer og uttrykk. Det gjer platene ein spesiell oppdelt effekt, som du anten likar eller ikkje. Eg likar det. Her er det vakre tittelsporet.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s