Palestina 3

Mine innlegg om Israels bombing av Gaza-stripa har skapt litt debatt. Nokre av innlegga er gode, og etterlyser nyansar i den offentlege debatten (og i mine innlegg). Ikkje minst i synet på Hamas. Det kan eg forstå. Reportasjar som denne er truleg eit betre uttrykk for mange sine kjensler enn skråsikre talsmenn.

Det er eg samd i. Eg er nok feil mann å skulde for ikkje å kritisere Hamas. Organisasjonen er ytterleggåande, og har openbart provosert fram ein tilspissa situasjon. Hamas ligg mykje nærare ein militant utgave av vestlandsk indremisjon enn SV. Dei held fram med å sende rakettar mot Israel. Dette har eg peika på i to postar no. Palestinarane må likevel få velje sine leiarar, og vi bør ha kontakt med både dei og det israelske folket sine leiarar.

Men ingen må la seg forville til å tvile på nokre sentrale fakta. At Israel har brote fleire FN-resolusjonar som stadfestar grensene frå 1967. At det er systematisk busetting på palestinsk land. At det vert bygd ein mur som er i strid med folkeretten. At Israel okkuperer palestinsk land. At det som skjer i dei okkuperte områda er, for å sitere til dømes Jimmy Carter, er Apartheid. Fredrik Mellem minte meg igjen på noko:

Det forrige avsnittet er ikkje mine påfunn. Det er FN og det internasjonale samfunnet sine påfunn. Problemet er at vi gjer for lite med det.

At Israel er verdas 5. største militærmakt og har tatt livet av over 300 menneske på 3 dagar er også eit faktum. Audun Herning tipsa meg om denne bloggen, for personlege opplevingar frå bakken.

Én tanke på “Palestina 3

  1. Det har nyleg blitt påpeikt i media (eg hugsar ikkje av kven) det påfallande faktum at mange politikarar uttalar seg fornuftig om Midtausten i det dei er i ferd med å forlate eller har forlate scenen. Ehud Olmert har gjort det (på veg ut), Jimmy Carter og Kåre Willoch har gjort det (for lengst ute). Dei ser klårt, men har ikkje lenger makt. Dei som derimot er på scena, er fanga av situasjonen og maktar ikkje (i alle fall tilsynelatande) å bryte ut av dei svært skadelege strukturane (eit unntak for Solhjell som eig bloggen her, han uttalar seg fornuftig og er innafor, men har truleg for lite makt til nokon innverknad). Kvifor er det slik? Er maktstrukturane så solide at status quo er uinntageleg(det kan vel audmjukinga av Kristin Halvorsen, då ho ville boikotte Israel, kanskje vere eit bevis på). Er det kanskje slik at vi risikerer noko endå verre viss status quo opphøyrer? Borgarkrig i Israel dersom nokon inntek ei «veik» linje overfor palestinarane? Lyt vi ofre folket på Gaza og Vestbreidda for ein fred på det større plan? Er det slik dei mektige i verda tenkjer i dag?

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s