Raudgrønt i Norden

I Sverige har dei tre raudgrøne partia tidlegare sagt at dei vil forsøke å danne ei raudgrøn fleirtalsregjering etter valet. No har dei sett ned fem arbeidsgrupper på sentrale politiske saksfelt, som skal utarbeide felles posisjonar og framlegg. Det er sentrale politikarar frå alle partia som skal delta, mellom anna to tidlegare partileiarar og fleire profilerte riksdagsmedlemmer. Interessant prosjekt.

På Island sit sosialdemokratane og SVs søsterparti i regjeringsforhandlingar i dag, og tek sikte på å danne ei mindretalsregjering med støtte frå eit lite sentrumsparti. Det kan fort bli fleirtal etter vårens val. På den siste målinga eg såg hadde vårt søsterparti 38%!

Den norske suksessen sprer seg i Norden, slik eg før har skrive om. Eg har sjølv vore i Nederland og innleia om det norske samarbeidet for leiarar frå venstreparti i ei rekke europeiske land (m.a Tyskland, Nederland, Frankrike, Austerrike, Hellas). Dette er allereie eit tema på venstresida i mange land. Dersom vi vinn valet i Norge, og fleire nordiske land kjem etter oss, trur eg det raudgrøne samarbeidet har potensial til å bli ei større europeisk retning. Finanskrisa, med det behovet for tryggleik og politisk styring som føljer med den kan bidra til det.

Både i Tyskland, Frankrike, Italia og Kypros har ein hatt slike samarbeid regionalt eller nasjonalt. Ein nordisk suksess kan gje det nytt liv.

Skrik

Barack Obama (Dagbladet og VG) og Kristin Halvorsen (Dagsavisen og VG) er ute i same ærend i dag og skrik ut mot banksjefar som ikkje vil avgrense løn og bonusar. Det er eg 100% samd i!

Sjølv kan eg ikkje skrike i det heile. Eg har nesten mista stemmen etter to dagar med vondt i halsen og ei rekke foredrag og møte. Eg får ta meg ein tur til Regjeringas bedriftshelseteneste, eller Snåsamannen som vi kallar han.

God mottakelse for krisepakke

Eg har vore to dagar i Østfold, i Fredrikstad, Sarpsborg og Halden. Her har eg hatt opne møter med foreldre og lærarar, lært om fråfall i vidaregåande skule, besøkt ein skule som skal starte forsøk med utvida skuledag og innleia på ein konferanse om kompetanse og klima.

Besøket viste meg også kor godt mottatt Regjeringas tiltakspakke mot finanskrisa er motteke. Lærarar, foreldre og kommunepolitikarar gler seg over høvet til å pusse opp skular og styrke drifta. Folk frå næringsliv og fagrørsle synes vi har fått til ei god satsing på sysselsetting, samstundes som det er tiltak på klima og kompetanse som peiker forbi finanskrisa.

Sentrale aktørar i arbeidslivet, miljørørsle og kunnskapssektoren gjer det same biletet. LO meiner innretninga er rett, UNIO seier den gjer viktig førstehjelp. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet meiner det er mykje bra. Forskarforbundet, Universitets- og høgskulerådet og NHO sin bransjeorganisasjon for kunnskapsbedrifter, Abelia, er alle positive.

Det er bra, og er kanskje eit teikn på at den er bra. Vi må likevel vite at det tøffaste ligg foran oss, og at dette langt frå er siste runde med tiltak.

Benjaminprisen

I dag har eg delt ut Benjaminprisen. Den går til ein skule som har utmerka seg i arbeidet for innkludering og mot rasisme. Den er oppkalt etter Benjamin Hermansen, som mista livet i eit rasistisk og nacistisk motivert drap i 2001. Les meir om prisen herhttp://www.udir.no

Sogn vgs vant prisen i år. Her er eg med elevrådsleiaren, Ricky.

Puss opp skulen!

I dag har regjeringa presentert tiltakspakka mot finanskrisa. Den inneheld ei rekke tiltak: energiinvesteringar, meir til veg og jernbane, skattelette for bedrifter, forsking og kompetansebygging, endra permitteringsreglar mm.

Noko av det viktigaste er vedlikehald i kommunal regi. Noreg er fullt av skular som treng oppussing. Ein av dei er Hovindhøgda skule i Fet kommune. Her har dei skifta mange gamle vindu frå 1957 i sommar, men dei hadde ikkje råd til å ta alle. No får dei gjort det ferdig. Magnhild Meltveit Kleppa og eg var der i dag og møtte ordførar, rektor og glade elevar.

No er min bodskap til alle kommunar og fylkeskommunar; Puss opp skulen!


Nico: Behind the Iron Curtain

Eit livealbum, det første eg presenterer her. Albumet har eit nav, eit punkt alt sentrerer rundt. Stemma til Nico.

Eg har omtala Nico før her på bloggen. Christa Paffgen, som ho heitte, dukka opp i New York i miljøet rundt Andy Warhol’s The Factory. Ho kom frå ei karriere i Europa som modell. Slåande vakker og med ei enno vakrare stemme. Ho syng på den første plata til Velvet Underground, og fekk raskt gje ut plater som «Chelsea Hotel» og The Marble Index» med songar av folk som Bob Dylan, Jakcson Browne, Tim Hardin og ho sjølv.

Utover 70- og 80-talet vart det fleire plater, men også meir dop, dårlegare salstal og eit ustabilt liv. Ho klarte likevel å halde på ein kompromisslaus musikalsk karriere og ein kjerne av tilhengarar.

Det er stemmen som er senteret for alt i musikken henna. Eg meiner den kjem aller best til uttrykk på ei live-plate som denne. Stemmen overdøyver all anna lyd, men eit enkelt orginalt komp av piano/orgel og perkusjon dungerer særs godt. Plata er spela inn i Warszawa, Praha og Budapest. Derav tittelen. På baksida av coveret er eit flott bilete av parlamentet i Ungarn.

Her er ein liveversjon av «Das lied von einsamen Mädchen»

Også henna versjon av My Bloody Velentine er med, her i ein studioversjon:

Helg og lekser

Deilig, avslappande helg. I svømmehallen med Peter, skitur i gatene rundt huset med begge to, aketur i dag. Såg Klassen i går kvel, Entrecote i dag. Litt jobb i kveld, må førebu meg til presentasjon av krisepakka i morgon.

Fleire aviser skriv om lekser på leiarplass i helga. Bakgrunnen er denne grundige studien av forskaren Marte Rønning, utført på eit datamateriale frå Nederland. Dagsavisen vil avskaffe lekser, Aftenposten stør mitt forslag om leksehjelp til alle (ikkje på nett) og Dagbladet vil ha meir leksehjelp utan at det går utover fokuset på kunnskap.

Retninga er den same i alle leiarane, og eg er 100% samd i den retninga. Det er ikkje påbod om lekser i dagens skule, men det er særs vanleg. Myndigheitene stiller krav om kva elevane skal lære, og nesten alle skular løyser det gjennom relativt mykje heimearbeid i tillegg til skuletimar. Det finst nokre unnatak, mellom anna har enkelte skular som var med på forsøk med utvida skuledag lagt alt skulearbeidet inn i skuledagen. Det løyste dei ved å setje av tid til lekser etter den siste skuletimen, i samband med SFO.

Det er nett det tilbodet eg meiner alle elevar bør få. I samband med ein ny skuledag (NRK) må alle elevar få tilbod om tid til skulearbeid og leksehjelp i SFO. Ein kjerne av tilbodet må vere gratis, slik at alle kan bruke det. Vi må sette ein nasjonal kvalitetsstandard på det, og gje alle kommunar plikt til å ha dette tilbodet. Det vil vere behov for mange år med kompetansesatsing i SFO for å auke kvaliteten på tilbodet. Det vil framleis vere behov for heimearbeid. Det er også ein viktig måte å sikre at foreldre er involvert i skulearbeidet til ungane. Men det kan bli langt mindre lekser, og alle kan få hjelp med dei.

Eit slikt tiltak vil gje auka kunnskap, då fleire vil lære meir. Det vil ikkje minst gje sosial utjamning. Det er i bunn og grunn ein skandale at det viser seg at vi har ein skule som ikkje verkar sosialt utjamnande. Dette er eit av fleire tiltak som kan gjere noko med det.