Talking Heads: Fear of Music

Talking Heads er eit av dei store banda i rockehistorien. Dei møttest på kunstskule i New York, derav klistrelappen kunstrock. Den seier lite.

Bandet er eit oppkomme av dansbare, rytmedrivne rockelåtar. Dei hentar inspirasjon frå mange stilartar, litt etnisk her, ein dose psykedelia der. 

Mange vel seg den kaotiske men einskaplege «Remain in Light». Eg vel denne, som har betre låtar, er meir funky, friskare og mindre prega av Brian Eno. Den funky inspirasjonen kjem tydeleg fram i Life During Wartime, her i eit konsertopptak frå det året albumet kom ut – 79.

Det er lett å tenke at David Byrne var Talking Heads. Han skreiv nesten alle låtane, sang og leverte det meste av dei mange orginale påfunna og ideane. Men faktum er at det meste han har tatt i etter TH er rimeleg kjedeleg og middels. TH var derimot brilliant. Eg trur difor det er ein band-effekt her, med sterke musikarar personlegdomar ved sidan av han.

Nettet er fullt av klipp med Talking Heads. Her er ein fin versjon av Air, her Heaven frå den legendariske Stop Making Sense turneen.

Én tanke på “Talking Heads: Fear of Music

  1. Godt val, og kult klipp. Men at «Remain in Light» er meir prega av Brian Eno er jo slett ikkje noko negativt – tvert om. Mannen er ein trollmann. The heat goes on!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s