The Modern Lovers: Modern Lovers

Eg har eingong lese at Modern Lovers er «the missing link» mellom Velvet Underground og Talking Heads. Det gjer meining. Dei har den rå energien og enkle låtstrukturen til VU, men introduserer langt meir rytmisk driv a la TH. John Cale har då også produsert mykje av denne, og Jerry Harrison spelte gitar i Modern Lovers då innspelingane vart gjort.

Desse låtane vart skrive i perioden 70-72, og spela inn i tre ulike sesjonar i 72-73. Dei kom aldri ut då, men først nokre år seinare – i 1976. Albumet er difor meir ei samling av kjernen i bandet sitt reportoar frå denne perioden. Det finst i ulike versjonar, både når det gjeld innhald og rekkefølge på låtar.

Modern Lovers er 80% Jonathan Richman – vokalist, gitarist og låtskrivar. Då albumdet kom ut var han allerie i gang med ein solokarriere. Han snerrar og syng ut sine enkle ungdommelege tekstar over enno enklare gitarriff. Det er sivilisert punk, eller pop med ein desperat twist.

Fleire av dei beste låtane, som «Hospital» og «Someone I Care About», finn eg ikkje bra opptak med. Så du må skaffe deg plata. Her er rockaren Roadrunner, verdas best låt på to akkordar?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s