Folkehøgskulen

Eg kjenner mange som har gått på folkehøgskule. Det er ikkje rart, om lag 10% av eit årskull svingar innom i alderen 19-22 år – dei fleste året etter vidaregåande.

Mange går på eit av dei tallrike natur- eller miljøorienterte tilboda som er. Andre søker mot gode kunst og kulturtilbod – ein kan til dømes få inntrykk av at brorparten av Noregs skodespelarar har gått teaterlinja på Romerike Folkehøgskule. Det finst dessutan utallige andre retningar. Felles for mange av skulane er eit sterkt internasjonalt engasjement og eit solidaritetsengasjement, slik Nansenskolen (der eg deltok på jubileet i fjor) er eit døme på.

Skuleslaget har sin bakgrun i det grundtvigianske opprøret med den gamle puggeskulen. Det skulle vere eit skuleslag for dialog og danning. Folkehøgskulen er det nordiske bidraget til verdspedagogikken, vart det treffande sagt på rektormøtet for folkehøgskulane der eg var i dag. Folkehøgskulane står i ein tradisjon der dei kan gjere oss rikare på refleksjon og dialog. Eg meiner at verdigrunnlaget og praksisen til folkehøgskulane står nær det raud-grøne verdigrunnlaget, og ikkje minst SV sitt. Miljø, kultur, internasjonal solidaritet, demokrati – det er i kjernen av det som er viktig i mitt samfunnssyn. Heldigvis er det mange, både raud-grøne og andre, som deler dette synet. 

For mange menneske i Noreg har året på folkehøgskule vore viktig. For å utvikle eit talent det ikkje var nok rom for på skulen, for å oppleve mestring, for å leve tett på andre i eit fellesskap i ein søkande periode i livet, eller for å ta eit avbrekk frå andre planar.

Rektormøtet er ein årleg arena for skulane. Her kan dei diskutere med kvarandre, og møte meg. Det er ikkje lang ein bruker på å forstå at det er ei kompetent og reflektert forsamling. Dei utfordra meg på økonomi og korleis folkehøgskular kan vere eit tilbod for ungdom som droppar ut av vidaregåande. Vi diskuterte dessutan vegen vidare for folkehøgskulen, og nokre særlege utfordringar som rekruttering av elevar med fleirspråkleg bakgrunn. Det er Folkehøgskulerådet som representerer skulane overfor myndigheitene, kompetent leia av Leon Haugsbø.

4 tanker på “Folkehøgskulen

  1. Dette liker vi! Neste gang du kommer til Stavanger er du herved invitert til å besøke oss på Solborg Folkehøgskole. Politikere som har forstått hvilken betydning folkehøgskolen har for det norske samfunnet er gull verd!

    Lik

  2. Takk for sist, Bård Vegar! Eit flott og viktig møtepunkt for oss i folkehøgskulen med deg som vår statsråd. Vi må samarbeide skal vi sikre skuleslaget den posisjonen folkehøgskulen bør og skal ha i skulelandskapet. Folkehøgskulen er ein viktig studieførebuande skule for svært mange.

    Lik

  3. Å kunne utvikle sitt talent for å oppleve en god mestringsfølelse burde vært en folkerett på grunnskolenivå i dag. Elevene blir mye gladere av det :o)

    Lik

  4. Et lite tips: Jeg har opprettet en egen blogg med tittelen «Folkehøgskoleprat». Der utfordrer jeg blant annet deg til å kikke innom, for ikke å skrive.

    Hyggelig om denne etterhvert kan nevnes i skulebloggar-lista di.

    Se ellers http://www.galeogglobale.no, en fellesblogg av elever på en norsk folkehøgskole.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s