Obamas utanriksteam

Obama sitt utanriksteam er i stor grad på plass, og profilen på det er slåande ulik den forrige administrasjonen.

Hillary Clinton vart utanriksminister på onsdag, og Robert Gates held fram som forsvarsminister. Det er tidlegare blitt kjent at Susan Rice, som var viseutanriksminister under Clinton, vert FN-ambassadør. General James Jones skal vere nasjonal tryggingsrådgjevar. Så er det sjølvsagt visepresident Biden.

I går vart to andre viktige postar besett. Tidlegare senator George Mitchell vart spesialutsending til midtausten, eit oppdrag som liknar det han tidlegare har hatt i regionen. Richard Holbrooke har hatt dei fleste utanrikspolitiske postar under demokratisk leiarskap, frå viseutanriksminister til FN-ambassadør. Han støtta Clinton i den demokratiske nominasjonen, og er no spesialutsending til Pakistan og Afghanistan.

Mannskapet er topp kompetent. Det er sett saman av dei tyngste og mest erfarne politikarane og diplomatane USA kan by på. Realpolitikarar som skal vekke internasjonal respekt og løyse floker, utan at amerikanske interesser eller posisjonar vert særleg enda.

Så ulikt Bush-administrasjonen. Bush sette saman eit lag av ideologar. Visepresident Cheney, Forsvarsminister Rumsfeld og viseforsvarsminister Wolfowitz. Mindre profilert var Zalmay Khalilzad, den afghansk-amerikanske FN-ambassadøren, viseutanriksminister Richard Armitage og «avhopparen» Richard Perle. Alle hadde dei i større eller mindre grad bakgrunn på den neokonservative høgresida, mange rundt tenketanken «Project for the New American Century». Denne gruppa hadde som uttalt mål at USA skulle halde på og utvide sin internasjonale leiarposisjon gjennom militær makt.

Dette ideologiske prosjektet skulle få katastrofale konsekvensar nokre år inn i presidentperioden. No skal vi sjå kva den pragmatiske realismen kan få til.

2 tanker på “Obamas utanriksteam

  1. Du påstår at Obamas utenrikspolitikk er veldig forskjellig fra Bush-administrasjonen. Obama har selv sagt at han skal øke antallet soldater i Afghanistan. Obama har selv sagt at han skal fortsette «krigen mot terror». Hva er så forskjellig fra Bush? Og hvorfor har dere i SV fjernet setningen «USA er den største trussel mot verdensfreden» fra forslag til arbeidsprogram for 2009-2013 ? Nei, det er nok ikke Obama som har endret USAs utenrikspolitikk. Det er SV som har endret sin utenrikspolitikk..

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s