Organdonasjon igjen

Mange sterke synspunkt på forslaget mitt om stille samtykke til organdonasjon. Dei fleste synspunkta er kjente, både for og mot. Ei nettavrøysting i VG viste at dei som tok stilling var splitta om lag 50/50. Det er sjølvsagt mykje støtte for eit nytt framlegg, men samstundes eit argument i seg sjølv for at denne debatten må gå langsomt. Dersom ei slik endring skal gjennomførast må det vere brei semje om det.

Eg vil kort seie litt om Pål Julius sin kommentar. Interessant artikkel i The Economist. Det er rett at land med litt ulike system har suksess. Spania er på Europatoppen, dei har eit system som liknar på det norske. Dei to landa i Europa som liknar mest på det eg foreslår, Belgia og Austerrike, ligg også i toppen (men godt bak Spania). To ting er likevel viktig å ha med seg:

1) Uavhengig av kva system ein har for å bestemme seg for om ein vil donere, er det mange andre ting som må fungere. Ein må identifisere eit organ som kan transplanterast, ein må oppbevare og behandle det rett og det må vere orden på logistikken i ein tidspressa situasjon ved ein transplantasjon. Spania er eit forbilde her, men vi har gjort store framsteg i Noreg. Alt dette arbeidet er nausynt, og eg er veldig for det.

2) Belgia og Austerrike har nei-register, men ingen av dei har tatt steget fullt ut slik eg meiner er rett. Dei spør framleis dei pårørande som ein tryggingsventil. Eg meiner det er etisk rett å legge avgjerdsla til oss sjølve medan vi er i livet, og ikkje belaste pårørande med den. Det er også ei ordning eg føler meg trygg på vil gje fleire organdonasjonar.

Pål Julius har forresten eit godt innlegg om fråfall i vidaregåande skule på bloggen sin (Han er fylkesråd for utdanning i Troms).

Skulebloggar 6

Ein kort tur innom for å legge ut ein del fleire bloggar, knytt til temaet ikt.

IKT i læring handlar om det, og er nokså teknisk orientert. Ein lærebokforfattar og høgskulelektor skriv om same tema på gjemmesiden. Diginalet er skrive av ein entusiastisk lærar med interesse for IKT. Lisa’s lagune 2.0 er også skrive av ein lærar, mellom anna i engelsk.

Eg vil og nytte høvet til å skryte litt av det nyoppretta sosiale nettverket del og bruk (D&B). Det er etter initiativ frå entusiast og innovatør Ingunn Kjøl Wiig. Det er eit forum for læring og nettverksbygging omkring digital kompetanse som allereie har 320 medlemmer.

Organdonasjon

VG.no har plukka opp SV sitt forslag om å innføre eit stille samtykke til organdonasjon, kombinert med eit nei-register der ein kan reservere seg. Eg og mange andre har diskutert dette offentleg før, til dømes i Dagbladet, Dagbladet, NRK og i VG. Det er ein viktig debatt.

Mange menneske kan få eit nytt og betre liv ved å få donert organ. Det er mange nyretransplantasjonar kvart år, og det er andre organ som lever, hjarte og lunger som også kan transplanterast. Vi gjennomfører mange transplantasjonar kvart år, og dei siste åra har Noreg hatt suksess med å få fleire organ. Samstundes veit vi at behovet er stort framover. Eg har ikkje tal for siste år, men i åra før det døydde om lag 30 personar årleg medan dei venta. Andre opplever stor fysisk smerte og usikkerheit medan dei ventar. Berre få personar har organ som faktisk kan brukast til ein transplantasjon.

SV foreslår å endre systemet for organdonasjon slik at det vert innført eit stille samtykke, med eit nei-register for dei som reserverer seg. Argumenta for er (les meir i linkane over)

1. Det vil redde liv, ved å gje fleire organ.

2. Eg meiner det er rett å legge til grunn at dei fleste av oss vil hjelpe andre med eit organ etter vår død dersom vi kan, ikkje som i dag då vi legg til grunn det motsette.

3. Eg meiner det er etisk feil å legge avgjerdsla om organdonasjon til pårørande, ofte i ein kritisk sorgsituasjon, etter at ein person er død. Det er i dag tilfelle for alle som ikkje eksplisitt har teke stilling for organdonasjon.

Nokre argumenterer som om vårt forslag skulle innebere at staten tek organa dine. Det er feil. Det er ein annan metode for at den enkelte skal avgjere spørsmålet om å donere organ for å hjelpe ein annan person.

Eg trur det store fleirtalet av oss har i oss ein sterk vilje til å hjelpe andre, også med eit organ etter vår død. Vi treng ein debatt om dette, slik at vi gradvis kan venne oss til at dette er naturleg, ikkje farleg for den enkelte. Kva meiner du?

Noreg i bilete på flickr

Dagen i dag har vore fyllt opp av møter, intervju, sakspapir og litt internett. Og apropos internett og muligheitene som ligg der; Gjennom ein post på NRK beta kom eg over ei kjelde til flotte og historisk interessante bilete frå Noreg.

Det amerikanske Library of Congress har lagt ut tusenvis av gamle bilete på flickr, mellom anna historiske bilete frå Noreg. Sjå berre her. For få år sidan hadde desse bileta støva ned i ein kjellar i Washington DC. No kan eg og du sjå på dei på nettet. Under er eit bilete frå den seinare industristaden Odda teke på slutten av 1800-talet.

Skulebloggar 5

Først av alt skuldar eg Frøydis Hamre ei årsaking for å ta så feil av ho!

Så til dagens tekst. Dei fleste skulebloggarar arbeider i vidaregåande eller fylkeskommunen får eg inntrykk av. Her er nokre av unnataka:

Kjetil har Kjetils pedblogg og arbeider på Levre skule i Bærum kommune. Han skriv godt om skule generelt og ikt i læring spesielt.

Teachertalk er skriven av ein adjunkt med bra erfaring frå grunnskulen i Tromsø. Fagleg interessant om m.a ulike pedagogiske emne.

Ole J Rosten arbeider som kontaktlærar på Rud skole i Rælingen og har ein god og morsom blogg om likt og ulikt, med vekt på ikt.

Dalstroka innanfor er bloggen til ein nyutdanna lærar frå dalstroka innanfor (Sirdal?). Han har oppfordra meg til å få fram fleire bloggar frå grunnskulen. Det er no gjort!

Den einaste barnehagebloggen eg har funne så langt er bloggen til Dronning Mauds Minne, førskulelærarutdanninga i Trondheim. Den er skriven av studentar og tilsette og er ei passe blanding av fag og moro.

Hald fram med å tipse; Eg skal poste nokre gonger til i denne serien.

Cocteau Twins: Treasure

Eg har vore på plateleiting i London i dag, og då seg eg igjen ein langspelar eg har høyrd utruleg mykje på for ein del år sidan.

Cocteau Twins byrja som eit goth-band. Det finst ikkje spor av det på denne plata, heller ikkje på det som kjem seinare. Det er ein drivande bass, ein melodisk gitar og Elisabeth Fraser si spesiell stemme som i sum vert eit unik lydbilete. Drøymande, lavmelt og storslått på same tid. Bandet sin musikk var særleg viktig for å etablere det alternative plateselskapet 4AD, og det sette eit stempel på musikken frå selskapet. Cocteau Twins kom med ei rekke fine plater frå 83-90.

Namnet «Treasure» held det det lovar. Den er ein skatt. Kvart spor på plata er eit gammaldags engelsk jentenavn. Bass og rytmer ligg lett bak. Gitarist Robin Guthrie spelar fjærlett på akustisk og elektrisk gitar, og tryllar fram dei finaste melodiar. Vokalist Elisabeth Fraser har ein av dei vakraste stemmane i moderne musikk. Ho viskar ut lydar (ikkje ord eller tekstar) som passar til musikken, og som skapar eit nesten utanomjordisk inntrykk.

Coveret understrekar musikken perfekt, og fungerer dessutan som eit godt argument for LP’en. 4AD var eit av dei første selskapa som etablerte ein fast designar og stil på covera sine med Vaughan Olivier.

Store ord, men det må høyrast. Dette er ei heilt spesiell plate.