Skulebloggar

Eg har bestemt meg for å starte ein ny serie. Om skulebloggar. Eg skal i februar (med jamne eller ujamne mellomrom) presentere norske skulebloggar.

Det er nokså mange av dei. Eg har gradvis oppdaga ein god del dei siste 15 månedane. Dei fleste har eg ikkje merka, berre sveipa innom. Eg må gjenoppdage dei. Andre kjenner eg godt til etterkvart. Eg turr det kan ha interesse for mange som interesserer seg for skule, men ikkje går opp i det til dagleg. Eg trur dessutan det kan promotere bloggar om skulen og bruk av sosial web i skulen. 

Eg presenterer nokre no i dag, og litt fleire etter kvart. Eg har bloggar for nokre dagar, men ikkje for ein månad! Difor er eg avhengig av tips frå deg. Eg vil ha tips om alle slags bloggar av elevar, lærarar, folk på høgskular og i administrasjon. Alle som kan seiast å blogge om skule.

Legg igjen forslag som kommentar til ein av postane mine! Her er dei første.

Elevblogg er ein veg inn til ei rekke bloggar av og med elevar. Frå fantastisk til elendig. Frå seriøst til morosamt til tullete. Ein god inngangsport.

Bjørn på norsk underviser mattematikk i lærarutdanninga, og bloggar om lærarar, politikk, kultur og laust og fast – med andre ord om lag som meg. Han stemmer ikkje KrF, det er relativt tydeleg..

IKT i vidaregåande skule handlar mykje om dei to emna. Mannen bak arbeider med IKT på Bodin vidaregåande skule i Bodø. Han er flink til å legge ut spennande snuttar, og har mellom anna skrive interessant om dataspill.

Tanker heiter enno ein blogg om IKT. June Breivik står bak, ho er sosiolog og prosjektleiar for Digital skole i Hordaland fylkeskommune. Lange reflekterte innlegg om feltet ho arbeider med, også i eit vidare samfunnsmessig perspektiv dominerer.

Øystein Johannessen er IKT-guru her på bruket. Han er særs kunnskapsrik og oppdatert på IKT, sosial web og teknologi generelt (og mykje anna). Han veit mykje om korleis IKT kan brukast i læring, og korleis vi skal sette politikk ut i livet for å få det til. Oppdaterer nokså sjeldan, men alltid interessant.

21 tanker på “Skulebloggar

  1. På Sandvika vgs har nesten alle elevene en blogg. Ikke alle bruker den, riktignok. Vi har også mange klasseblogger der lærerne skriver for/til elevene. Den enkleste måten å finne oss på er via skolens hjemmeside, http://www.sandvika.vgs.no. Der ligger det pekere i margen på høyre side. Noen av lærerne skriver også egne refleksjonsblogger om hverdagen i skolen, pedagogikk, sosial web osv. Jeg kan gi deg mange adresser om du ønsker spesifikke anbefalinger.

    Lik

  2. Takk for hyggelig omtale og lenke. Bloggosfæren begynner etterhvert å bli ganske fylt opp av gode blogger. Det å holde seg oppdatert er litt av en utfordring. At ministeren blogger og helt tydelig følger med hva som rører seg er positivt. Bloggen din er interessant å lese, og en smule selvironi gjør seg.

    Lik

  3. Takk for fin omtale! Det er svært motiverende at du er leser av «Ikt i videregående skole», og at du anbefaler bloggen videre til andre! Jeg setter også pris på å kunne lese din blogg, variert, bred og spennende med et personlig preg. Apropo personlig preg, Bård Vegar, fikk du med deg utfordringen i innlegget «7 uvesentligheter»?
    Når det gjelder min blogg, så er jeg er blitt til vi. Jeg har fått med en kolega som medforfatter i bloggen. Vi ønsker at bloggen skal være et aktuellt bidrag i skolebloggsfæren.

    Lik

  4. Hei, Bård Vegard
    Spennende at du også ønsker å følge med i bloggosfæren. Det skulle jo egentlig bare mangle egentlig, om utdanningsministerene har et ønske om å vite hva som skjer i norsk skole. Bloggene er en (av flere) innfallsvinkler til å følge med på hva som skjer.
    Jeg regner med at du har sett at det er flere blogger fra vgs/høyskole-nivå, enn fra grunnskolelærere. Vet ikke om dette har sammenheng med leseplikt, fagtilhørighet eller om grunnskolelærere generelt er tregere til å kaste seg på nye ting (bruk av ikt).
    Jeg liker også godt de to bloggene Øystein Johannesen anbefaler. Guttorm Hveem (http://guttorm.hveem.no/blogg/) og Leif Harboe (http://leifh.blogspot.com/) er to interessante blogger. Grunnskoleblogger har jeg ikke funnet så mange av, håper du får tips om noen flere. Ole Jakob Rostens blogg følger jeg med på (http://olesverden.wordpress.com/) og selv blogger jeg også med utgangspunkt i grunnskolen (http://kjetils-pedblogg.blogspot.com/).

    Lik

  5. Gratulerer med flott blogg Bård Vegard. Det blir spanande å følgje bloggosfæren vidare. Eg vil rose deg (og nokre av dine medministre) for å ta i bruk den sosiale weben.Øystein Johannesen har i fleire høve vore inne på den problemstillinga at avstanden mellom ungdomar sitt digitale liv, og livet i skulekvardagen vert for stor. Skulen risikerer å verta ein parentes fordi ein ikkje set seg inn i den verda av MSN,Facebook,twitter osv. som ungdomar lever i. Difor er det svært viktig at dei øvste politiske leiarane er på denne banehalvdelen og viser mange skeptiske lærarar at blogg kan vera lærerikt og ikkje berre tull. Synes ellers du er på grensa til frekk når du seier at bloggen til Øystein er oppdatert ganske sjelden! Mannen skal vel arbeide innimellom all blogginga. Synes også at det er fint at du legger inn noen skrivefeil i innlegga dine, slik at norskfanatikarane får sjå at sjølv menneskje som har ein og annan skrivefeil kan koma seg fram her i livet. He-he

    Lik

  6. Synes i grunnen du har for lite barnehageblogger på listen din her, jeg tenkte jeg ville tipse deg om noen:

    anjasdigitaleunivers.blogspot.com
    Min blogg om IKT i bhg. og livet som masterstudent i IKT i læring

    http://www.bjonnes.net
    Paal Christian sin blogg om bla. IKT i barnehagen

    barnehageblogg.wordpress.com/
    Nina Bølgan sin blogg om IKT i barnehagen

    Lik

  7. Tilbaketråkk: How To Get Rid Of Acne Marks – Secret Suggestions | Acne Best Treatments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s