St. Thomas: St. Thomas

Før jula 2008 var eg ingen stor fan av den avdøde St. Thomas, eller Thomas Hansen som var namnet hans. Eg hadde høyrt «Cornerman» (vel den mest kjende sangen hans) og eit par låtar til, og aldri brydd meg særskild.

Det var før søstera mi gav meg eg ein CD-boks med musikken hans til jul. Sidan det har det vore favorittmusikk her i huset. CD-boksen er elegant og forseggjort sett saman av 2 doble CDar (som rommar best of, demoar og innspelingar andre artistar har gjort), ein DVD og ei bok av Reidar A. Eik.

Musikken til Thomas Hansen er litt country-aktig, men på ingen måte country. Høyr på denne låta:

Country-følelsen kjem frå både stemme og sound, og i dette tilfelle også frå melodien. Dei fleste sangane er meir i ein singer-songwriter tradisjon. Melodiøst og vakkert, og utan omvegar eller staffasje. Sjølv trakk han fram Elliott Smith og Will Oldham som inspirasjonskjelder, og det gjer meining. Det er likvel noko veldig orginalt over det. Han får tradisjonelle pop-viser til å høyrest veldig St. Thomas ut.

Av boka går det fram at Thomas Hansen sleit med store psykiske vanskar i heile sitt vaksne liv. Han sleit med sosial angst og nervøsitet, og hadde store og valdsame humørsvingingar. Han sjølvmedisinerte seg med alkohol og etter kvart piller. I september 2007 vart han funne død i bustaden sin i Oslo. Hausten 08 kom denne. Inntektene frå boksen går til St. Thomas minnefond, som foreldre og plateselskap har etablert saman med Rådet for psykisk helse. Her er The Cool Song frå gjennombruddsplata «I’m Coming Home»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s