Om lekser og lærar

Nye lesarar lurer kanskje på kvifor eg ikkje svarer på kommentarar i kommentarfeltet. Eg har tidlegare gjort greie for at livslogistikken min ville bryte saman om eg skulle gjere det. Eg samlar difor opp og kommenterer ein gong imellom. Som no.

Kommentarane om lekser går i all hovudsak langs to aksar. For det første er det fleire som påpeikar at det ikkje er eit spørsmål om lekser eller ikkje lekser. Det er eg heilt samd i, det er nett det som er mitt utgangspunkt. Eg meiner det er naudysnt med ei relativt stor mengde arbeid utanom timane på skulen. Det er nausynt for å oppfylle måla i læreplanen og for å lære seg sjølvstendig arbeid. Det er derimot ikkje naudsynt at dette stort sett skal skje heime og spise av kveldane. Det er direkte dumt for dei som ikkje har god hjelp og motivasjon, og som ikkje får ein læringseffekt av det. Difor leksehjelp og ein heilskapleg skuledag, der sjølvstendig arbeid er ein viktig del av dagen. Vi bør ha valfridom for foreldra og elevane; skal leksene gjerast på skulen, heime eller litt av begge deler?

Det bringar meg vidare til den neste dimensjonen som fleire tek opp, aldersskilnadar. Det er riktig som Tove-Irene og Sol skriv, at mitt forslag om leksehjelp i SFO berre vil gjelde 1.-4. klasse. Eg meiner vi skal begynne der. Det er særleg viktig at alle får ein god tidleg start på skulegongen sin. Så skal vi også bygge ut leksehjelp gradvis på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Tor-Espen har heilt rett i at det også bør vere ulikskapar i vektlegginga av lekser og forventningar om arbeidet på ulike trinn. På ungdomsskulen og særleg vidaregåande er det viktig at elevane lærer gode og sjølvstendige arbeidsvanar, som førebur dei på livet som student og arbeidstakar.

Lærarmeldinga har fått god mottaking, også her på bloggen. Den handlar først og fremst om allmennlærarutdanninga, eller grunnskulelærarutdanninga. Astrid har jo heilt rett i at det er mange andre vegar til læraryrket også, både PPU og faglærarutdanning. Eg fekk til dømes nett vite at universiteta utdannar fleire lærarar årleg enn høgskulane! Forslaget om mentorordning er nok ikkje byrjinga på det Ingunn ønskjer seg, ei assistenlærarordning. Det er mange gode grunnar til at det bør vere fleire assistentar og andre yrkesgrupper i skulen. Ei rekke arbeidsoppgåver i skulen kan gjerast av andre enn lærarar, og mange undervisningstimar kunne også bli betre med ein hjelpelærar. Eg har i samband med den nye skuledagen også lansert dette som ein ambisjon for åra som kjem. Eg må skuffe Ingunn med at eg då først og fremst tenkte på grunnskulen.

Bjørn har rett i at vi har dårleg tid! Vi er allereie i gong med oppfølgingsarbeidet, mellom anna med å førebu rammeplan og ha dialog med institusjonane.

4 tanker på “Om lekser og lærar

  1. Det var skikkelig synd. Vi har stort frafall av nyutdannede lærere i vgs, og mange vegrer seg for å jobbe der blant annet pga rettebyrden. Særlig norsklærere er det vanskelig å rekruttere for tiden. Derfor håper jeg at ideen om en nivådeling av lærere i «asistentlærer/juniorlærer» og overlærer/seniorlærer» eller andre, mer spiselige begreper kan modnes og vokse slik at det igjen blir stuerent både for lærere, byråkrater og politikere å anerkjenne at erfaring med undervisning er noe vi får etterhvert, og det bør vi få mer utbytte av både som eldre og som yngre arbeidstagere.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s