Nordisk tryggleikssamarbeid

Thorvald Stoltenberg har levert det mest interessante bidraget til den politiske debatten så langt i år. Fem nordiske utanriksministrar ba i juni han om å lage eit innspel til debatten om nordisk samarbeid. Han har sidan hatt sin einmanns tenketank, med litt sekretariatshjelp og mange samtalar og møte med ulike aktørar. I går overleverte han sin rapport med 13 forslag om nordisk samarbeid om utenriks- og tryggingspolitikken.

Mange av forslag er interessante. Dei famnar vidt, frå utvida samarbeid om havovervaking og krisestøtte til militært samarbeid om felles einingar. Det siste forslaget er ei forpliktande solidaritetserklæring ved ytre angrep.

Det viktigaste med dokumentet er likevel ikkje dei enkelte forslaga, men den retninga det peikar ut for den vidare tryggingspolitiske debatten. Tonen i dokumentet er at Norden bør samarbeide tett sivilt og militært, og skape ein politisk overbygning over det. Det kan vi gjere til trass for at dei fem nordiske landa har tre ulike kombinasjonar av knyting til EU og NATO, utan at det skapar vanskar.

Rapporten er godt motteken, til dømes av Carl Bildt. Ingen utanriksminister avviste nokre av forslaga, men understreka at debatten blir viktig og interessant. Det har dei rett i.

Én tanke på “Nordisk tryggleikssamarbeid

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s