Akershus SV

Akershus SV har fylkesårsmøte i helga. Eg er delegat frå Vestby SV, og dessutan har eg halde hovudinnleiing som 1.kandidat til stortingsvalet. Det blir både spennande og morosamt i helga. Det er mange her eg ikkje kjenner så godt, og det er viktig for meg å bli godt kjent med alle laga. Med det fantastiske vinterveret som er ute skulle eg gjerne vore på ski sjølvsagt, men sånn er livet 🙂

 Dagsavisen skriv i dag om ein ny skulerapport frå Thomas Nordahl. I følge Dagsavisen seier den at ein god skule kan reudsere eller fjerne effekten av sosial bakgrunn på elevane si læring. Det er rett, det er difor skule (og barnehage) er så viktig for å minke sosiale forskjellar og gje alle like muligheiter. Vi er diverre langt unna dette i dag. Det er ein viktig grunn til betre og fleire lærarar, tidleg innsats med ein ny og heilskapleg skuledag og kamp mot frafall i vidaregåande skule må vere hovedsporet i skulepolitikken dei neste fem åra.

Bileta til venstre er teke inne og ute på Sørmarka konferansesenter i Ski kommune.

Én tanke på “Akershus SV

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s