Nettdebatt?

Dei fleste viktige debattar i politikken handlar om politiske saker. I år trur eg likevel at debatten om korleis og kvar vi diskuterer politikk kan bli viktig.

Årsaka er at nettet har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen. Dei fleste store teknologiske gjennombrota i det forrige hundreåret gjorde det lettare for ein person å nå mange. Internett gjer det lettare for mange å nå kvarandre, og lettare for mange å nå den eine. Om vi vågar.

Som eg tidlegare har skrive her, vart eg først frelst under den amerikanske primærvalkampen i 2003-2004. Sidan den gongen har mykje skjedd, men det grunnleggande spørsmålet er det same. Korleis skal vi bruke nettet til å oppnå samtale og demokratisering, ikkje einvegskommunikasjon og hype?

Norske parti har langt igjen. Dei fleste nettsidene ser ut som nettaviser, med vekt på å informere om kva vi gjer og fortelle om kva som står i avisene. Gode politiske nettsider frå USA og Storbritania ber deg delta. Sjekk skilnaden på Obama og FrP, eller Labour (som også har denne) og Arbeidarpartiet. Ingen av dei norske er blant dei dårlegaste hos oss, DNA er vel heller blant dei beste.  

Sosiale medier er eit viktig svar. Sjølv har eg vald å delta aktivt på sosiale medier, fordi det gjer eit reellt høve til kommunikasjon. Eg møter langt fleire slik enn eg gjorde på dagens konferanse på Hamar, og eg har betre tid og høve til å svare på spørsmål. Men framleis er det for få politikarar og journalistar som bruker sosiale medier, og alt for få som bruker sosiale medier sosialt. Meir om det på NRKBeta.

Nettdebattar er noko som har frustrert mange av oss. Dei er viktige for å få opp eit offentleg rom, men sjeldan veldig gode. Anders Brenna i teknisk ukeblad skriv viktig og utfordrande om det her. Kor lenge kan vi gå rundt og klage på at det er usakleg og dårleg? Burde vi ikkje heller erobre arenaen. Eit litt slitsomt prosjekt, men eg trur han er inne på noko viktig.

Kva skjer med klimakrisa?

2007. FNs klimapanel (kanskje verdas mest omfattande forskingsprosjekt) legg fram ei serie rapportar som dokumenterer klimaproblema, isen smeltar raskare enn nokon trudde i Arktis, isbreeane i Europa dreg seg attende, Al Gore vert global klimahelt og vår merksemd er retta mot klimaproblema.

Mars 2009: Vi får tung dokumentasjon for at tilstanden er verre enn FNs klimapanel trudde for eit par år sidan. Men vår merksemd er ikkje retta mot klimaproblema på same vis.

For nokre veker sidan var 1600 forskarar samla i København for å oppdatere politikarar på den siste kunnskapen om klimaproblema, ikkje minst nye resultat som ikkje var klare til FNs klimapanel presenterte sine rapportar.

Det er dramatiske konklusjonar som vert lagt fram. På opningsdagen vakte det ei viss merksemd i internasjonale media (ikkje i norske media) at havoverflata kan stige med 0.5-1 meter innan år 2100. Faktum er at hovudbodskapen frå konferansen var at klimaendringane går raskare enn ein har trudd på nesten alle felt. Temperaturendring (sjå figur, kjelde NOAA), issmelting, havnivå og mogelege irreversible endringar ligg nærare i tid enn vi har trudd før, skal vi tru forskinga som vart presentert.

Samstundes får eg ei snikande kjensle av klimakrise har blitt vane i Noreg. Media rapporterte nesten ikkje frå København, finanskrisa er meir akutt. Earth Hour passerte forbi med lunkent engasjement.

Ikkje misforstå meg. Eg veit at klimakrisa er akutt, og eg føler meg sikker på at vi vil sjå ei heilt anna haldning og handling i åra som kjem. Men eg fryktar at det skal gå for langsamt. Kva skjedde etter forrige miljøbølge for 20 år sidan? Eit stort fall i interessa for miljø, og mange år utan nok trykk. Dersom politikarar og næringslivleiarar skal handle må klima vere toppsak i valkamp, i forbrukarane sine preferansar, i kommuneplanar, på G8-møte – over alt eigentleg.

La oss begynne med å gjere klima viktig i valet 09.

Leslie Winer: Witch

 

Det har alltid vore begrensa med informasjon om både plata og dama bak den. Den er eit heilt spesielt eksemplar som eg er veldig glad i, den liknar på lite anna. Snakkande vokal, tørre rytmar, samplingar, ein dose trip hop følelse og ein del fin akustisk gitar. Det spesielle med plata er likevel ei stemning, ei skummel kjensle, som beatet  og stemmen skapar saman med nøye utvalde samplingar og gode tekstar. Det er vanskeleg å samanlikne med noko, det finst kanskje inga direkte samanlikning.

Leslie Winer var visstnok ein velkjent modell i NewYork på 80-talet. Ho hadde ei kobling til Willian S Boroughs, noko ein finn att i formen på tekstane. Ho er ein sterkt politisk tekstforfattar, med både ein feministisk og antiautoritær bodskap. Dette er såvidt eg veit den einaste plata ho har gitt ut. Leslie Winer er navnet, men plata er strengt tatt gitt ut under eit slags kunstnarnavn; det C-symbolet som du kan sjå på coveret over. På plata har ho med seg folk som Tim Simenon, Kevin Mooney og Jah Wobble. Kva skjedde? Kvifor ikkje noko meir? Eg veit ikkje, men la oss nyte den vi har.

Plata er anmeldt her, og eit par spor har eg lagt ut her.

Meir kreativitet

Takk for mange og grundige innspel til diskusjonen om kreativitet i skulen generelt, og mi opning for å diskutere eit nytt fag eller ei ny ramme for kunstfag og kreativitet i skulen. Det er ulike syn på dette, og heile spekteret er representert. Det er trong for vidare diskusjon om dette og andre måtar å sikre ein kreativ skule på.

Eg tek med meg innspela og synspunkta vidare, og vil bruke eit eller to i talen min på konferansen skapande læring 2009 i morgon. Her skal eg innleie til diskusjon, og mellom gå inn på diskusjonen om fag. Ein annan person som skal tale på konferansen er briten Paul Roberts. Han er ein av strategane bak den britiske satsinga på skapande læring. Eg møtte han i London for berre ein månad sidan.

Urospredere – og Earth Hour

Eg skal delta på førpremiere (og debatt) på filmen Urospredere i dag klokka 17.00-19.00 på Cinemateket. Meir om det finn du her. Både filmen og debatten handlar om fildeling.

Eller vil eg minne om Earth Hour i morgon kveld, kanskje den største miljømarkeringa i historien. Skru av lysa klokka halv 20.30-21.30. Her er ein morsom norskproudert reklamesnutt for det heile.

David Byrne

Av alle dei små tapa livet gjer, synest eg for min eigen del at tapet av oppmøte på David Byrne sin konsert i oslo forrige veke er særleg tungt å svelge. Eg går jo stort sett aldri på konsert lenger, men likevel. Dette er mannen og bandet (Talking Heads) som eg så utruleg gjerne vil sjå men aldri har sett.

Opplegget var at han spelte musikk han hadde laga saman med Brian Eno, altså ei spennande blanding av funky TH, sære lydbielete frå «My Life…» og fjorårets country-aktige sak. Meldingane av konserten er euforiske. David Byrne og Brian Eno er for meg eit musikkens toppmøte. Det er Reagan og Gorbatsjov sammen.

Eg må mimre for å kompensere. På bileta  til venstre er dei i lag i ca 1980 og ca no. Her er ein av mine mange Byrne/Eno favorittar, frå den beste konsertfilmen som nokon sinne er laga.

Landsmøtetale og kreativitet

Eg talte til SV-landsmøtet om skulepolitikken. Du finn link til talen her.

Eit tema eg tok opp i talen var kreativitet og kva plass kunst og kultur skal ha i skulen. Til mi store overrasking har det ført til at nokre personar har sett i gang ein mail-kampanje mot meg med overskrifta «Nei til nedlegging av musikk og kunst og handverk». Det er litt rart, sidan eg aldri har foreslått det. Tvert imot, eg vil at kunst og kultur skal bli viktigare i skulen.

OK, her er det eg sa; Kunst og kultur har ein stor og aukande plass i samfunnet, noko vi mellom anna kan sjå i ein sterk vekst i sysselstjinga i kulturnæringa. Den er no like stor som reiseliv målt i talet på tilsette. I tillegg kjem eit utall amatørutøvarar og den rollen kultur har i dagleglivet.

I framtida vil kreativitet stå sentralt i mange yrke og bransjar. Kreative evner vert etterspurt. Men kreativitet og kunsterniske evner kjem ikkje av seg sjølv – dei må trenast og utviklast. Difor bør vi styrke denne dimensjonen ved skulen.

Det er eit tilleggsargument for det. Vi veit at det å lukkast på ein arena kan ha ein «flowover effect» til andre fag. Elevar får auka sjølvtillit og sjølvkjensle og dermed betre motivasjon og prestasjonar. Medelevar og lærarar kan i tillegg få auka sine ambisjonar til ein elev når dei ser eit stort talent. Professor Anne Bamford har skrive ein kjent rapport for UNESCO, The Wow Factor, der dette er eit viktig tema.

Eg argumenterte for at vi treng ein skule som stimulerer kreativitet. Det bør gjerast gjennom heile skulen, noko den raud-grøne regjeringa har starta med. I den nye lærarutdanninga vil kunst og kultur som metode bli del av det obligatoriske pedagogikk-faget, det blir stilt kompetansekrav i dei kreative faga på ungdomstrinnet og vi har allereie oppretta eit eige senter for kunst og kultur i opplæringa.

Kulturskulen er ein viktig del av dette. Vi treng fleire plassar og lågare pris. Eg kunne nemnd den kulturelle skulesekken og, men gjorde det ikkje.

I tillegg sa eg (og NRK laga ei sak om det – derav merksemda) at vi bør vurdere om dagens musikk og kunst og handverk bør bli del av eit nytt felles kreativitetsfag/kunst- og kulturfag. Det kan vere eit fag, eller ulike fag under same paraply. Argumenta for er at det er ei rekke uttrykk som ikkje har eigne fag, men er representert i ulike læreplanar (dans, drama, teater, film, design etc) . Desse har enkelte felles dimensjonar ved seg. I tillegg trur eg ei samling av ulike uttrykk vil styrke den samla vekta vi legg på skapande læring. Det finst og sterke motargument, mellom anna at faga er fundamentalt ulike på mange vis.

SV har ikkje vedteke dette, eg har ikkje kome med eit forslag om det – vi har ikkje ein gong sett i gong ei utgreiing. Eg meiner vi treng diskusjonen om dette og andre måtar å styrke kreativitet i skulen, og vil gjerne ha innspel her!