Colleen: The Golden Morning Breaks

Franske Cecile Schott, eller Colleen, er kanskje den finaste moderne komponisten eg kjenner. Dette er min favoritt av 3-4 album, frå 2005.

Ho er frå Paris, og debuterte i 2003 på plateselskapet Leaf. Musikken var basert på samplingar og elektronikk, gjort om til melodiar og  lydar spelt av i loop. Denne, plate nummer 2 frå 2005, er meir oganisk (ei utvikling som held fram på seinare plater). Fleire innslag av instument som gitar og harpe, men det minimalistiske lydbiletet basert på loops er framleis sentralt. Musikken er ofte melodisk, men det er like gjerne ei stemning eller ein lydkombinasjon som treff.

Det er tradisjonelt og moderne på same tid. Vakkert men også overraskande og urovekkande. Under ligg tittelsporet og ein spesiell versjon av låta «I’ll Read You a Story»; Den er spela inn med spilledåser, og har video med dans til.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s