På veg til Torbjørnrud – og gratulerer med dagen

Eg er på veg tilden årlege budsjettkonferansen på Torbjørnrud på Jevnaker. Eg seier årleg, fordi skiftane regjeringar gjennom tiår har hatt ein konferanse om statsbudsjettet ved Randsfjorden (tidlegare på Halvorsbøle, også på Randsvangen trur eg – ikkje spør meg kvifor det alltid må vere i dette strøket) om lag på denne tida.

Konferansen er medieprofilert, med bilete på trappa (mange hugsar busserullane, no er det fritt fram – eg hadde hettegenser i fjor) av heile regjeringa og faste innslag med statsminister og finansminister på kveldsnyhenda der dei ikkje seier noko som helst nytt. På grunn av den høge medieprofilen trur mange at det er her statsbudsjettet for neste år blir laga. Det er det ikkje.

Før denne konferansen har alle statsrådar presentert «satsingar» (framlegg om pengebruk) på sine budsjett. Så kjem finansministeren med eit samla framlegg til regjeringa. Regjeringa diskuterer så makroøkonomien (budsjettbalanse, oljepengebruk, heile finanspolitikk), skatteopplegg og kva felt ein bør prioritere. Ein samlar seg om eit førbels nivå på pengebruken (som vil bli justert ut frå den økonomiske situasjonen) og eit førebels skatteopplegg. Så vert ein samde om ein god del satsingar som går vidare til neste runde. Dei vert «ført til profil» som det heiter.

Neste runde er mot slutten av august. Her får regjeringa oppdatert informasjon om den økonomiske stoda, og finanspolitikken vert endeleg banka. Så vert det beslutta kva Regjeringa faktisk vil prioritere av alle dei kandidatne som er med frå første runde. Det er med andre ord i dette møtet budsjettet vert laga. Konferansen på Torbjørnrud er ei prekvalifisering, eller eit oppspel om ein vil.

Det er like fullt både viktig og spennande for den enkelte statsråd. Det er her vi legg grunnlaget for det vi skal bruke pengar på neste år.

Og gratulerer med 8.mars alle saman!

8 tanker på “På veg til Torbjørnrud – og gratulerer med dagen

  1. Takk for oppklarende artikkel, er det slik det foregår. Kult å få førstehåndsinformasjon, spesielt sett i et demokratiperspektiv.

    God tur!

    Lik

  2. Hei Bård Vegard. Eg sat nett å prata med ein av partifellene dine og sa eg syntes det var så bra at du har ein blogg. Tenkte tipse deg om ein kvinnedagsblogg eg skreiv idag, fordi eg meiner her kjem det fram eit par viktige poeng. Eg har sjølv vore og er engasjert i feministisk miljø her i Oslo, rundt Fett, og det er veldig spennande. Samtidig ser ein at feminisme meir og meir blir ein akademisk disiplin. Interessant, men bra?

    her er mitt innlegg:
    http://anneviken.blogspot.com/2009/03/politikk-makt-debatt-nettverk.html

    Og ha ein vidare flott kveld!

    AnneViken, journalist

    Lik

  3. Noe å ta med til Torbjørnsrud:
    Regjeringen i Storbritannia har lansert et forslag som gir arbeidstakere i andre profesjoner som har blitt arbeidsledige som følge av finanskrisen muligheten til å få en lærerutdanning på bare seks måneder. http://www.independent.co.uk/news/education/education-news/fasttrack-plan-to-turn-jobless-into-teachers-1641009.html

    Sett i lys av økende arbeidsledighet og akutt lærermangel også her i landet; hadde dette vært et tiltak også den norske regjeringen burde ta en titt på?

    Lik

  4. Som vikar opplever jeg at skolene har meget stramme budsjetter. Dette gjør at de sparer på vikarer, selv om man innehar nødvendig kompetanse.

    Lik

  5. Dessuten fungerer det sånn at de allmenfaglige etablerte lærerne sjelden slipper til nye fagpersoner med mye mer kompetanse i enkelfag. Ledelsen beskytter vel de etablerte, noe som kanskje er en naturlig ting?

    Lik

  6. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Torbjørnrud

  7. Tilbaketråkk: Info Regarding Investing In Foreclosures | New Blog Tips | Abc News Now

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s