Public Image Limited: Metal Box

Det første du må vite om denne er at den faktisk kjem i ein metallboks. Inne i boksen ligg det ikkje ein langspelar, men tre 45rpm 12″ plater. Eg har eit eksemplar eg er stolt av. Den er eit godt argument for formidling av musikk i fysiske medium.

Det neste du må vite er at det er ei viktig plate som har hatt stor innverknad på rocken etterpå. Den gjer meining til den forslitte kategorien post-punk. John Lydon la ned sitt alter ego Johnny Rotten og bandet Sex Pistols, og starta Public Image Limited i staden. Altså post punk. PiL er også veldig «post» ei rekke musikksjangrar på 70-talet, ikkje berre punk. Det er eit brot med mykje av det progressive og storslåtte frå 70-talet. Ein dose driv og rytmar inspirert av Can og liknande, ein del av haldninga frå punken og vips – ein ny sjanger.

Metal Box er plate nummer 2, vi skriv 1979. Bassen til Jah Wobble er heilt sentral, gitarist Keith Levine kjem inn med sin hakkete gitar og Lydon skrik oppå. Det er er drivet i musikken som gjer det spesielt, eit nesten manisk uttrykk vert skapt av vokalen oppå det. Denne plata vil alltid høyrest orginal ut trur eg, samstundes har utallige band vore inspirert av den. Under er «Swan Lake»

3 tanker på “Public Image Limited: Metal Box

  1. Kul metallboks, husker jeg hadde lyst på den!

    Innflytelsesrikt, visst, men det meste av gamle PIL ble for sært for meg den gang da på åttitallet, og har mest musikkhistorisk interesse, synes nok jeg. (Men du hørte vel neppe heller på Metal Box i 1979?!)

    Jeg likte best det mer kommerse, som This Is Not A love Song (husker fremdeles godt første gang jeg så den underlige framtoningen til John Lydon i denne videoen, på et av de første programmene som viste musikkvideoer på NRK, må vel ha vært i ’84 eller ’85)

    Religion I og II er bra saker, både tekstmessig og musikalsk, men kunne vel stått i fare for å bli forbudt, hvis blasfemiparafen skulle bli gjenoppvekket.

    Men favoritt-PIL-låta er nok likevel Rise

    Dette kunne jo nesten vært landsmøtevideoen til SV, den gang det var litt opprør igjen i partiet – rent bortsett fra at Johnny uttrykker i overkant mye «usikkerhet og tvil» (alt slik må jo fjernes, i følge sjefen din …) til at det er politisk gangbart utenfor Venstre …

    Anger is an energy!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s