Mobbing

Eg var i Tabloid i dag og diskuterte mobbing. Der traff eg mellom Elin Dragland. Ho har skrive denne kronikken i Aftenposten om korleis ho opplevde det at dattera henna gjekk frå å vere livsglad, sosial og skuleflink til å bli mobba. Les den, den er sterk. Ho skildrar reflektert og direkte kva mobbing er, og kor makteslaus ein kan føle seg.

Noreg har ein skule med høg trivsel og lite ekskludering samanlikna med andre land. Det hjelper lite for den som opplever mobbing. Dessutan er tala siste år negative, dei har gått opp. Dragland utfordrar oss som styrer – som ho gjorde på Tabloid – på fleire viktige felt. Ho ber oss sørge for at skulane tek i bruk program mot mobbing som har dokumentert effekt, ho ber oss styrke kompetansen til leiing og lærarar og ho ber oss kontrollere at det fungerer i praksis. Alt dette er blant tiltaka som vi arbeider med innan ramma av manifest mot mobbing. Men kronikken og møtet med ho var også ei påminning om at vi må arbeide enno betre og meir systematisk med det, og at dette arbeidet må stå i sentrum for aktiviteten på skulen.

Lang dag – og ei tabloid verd

Lang dag, som dagane gjerne er no. Det er relativt vanleg at kveldane inneheld fleire timer med arbeid før eg kan legge meg ein gong mellom 11 (deilig) og 1 (for seint). Så også i dag, eg har i tillegg til sjølvmeldinga lest nokre sakspapir, ringt litt (viktig del av jobben for ein politikar) og førebudd meg til eit foredrag i morgon.

På veg i seng oppdagar eg på framsida av VG.no overskrifta «Facebook på skolen kan bli forbudt» under eit bilete av meg sjølv. Som politikar er du vant til litt av kvart, så eg les roleg artikkelen. Dette er eit interessant døme på mediedynamikken som eg kan smile litt av, fordi det truleg ikkje blir den heilt store saka. Litt om det:

VG.no har «facebook på skolen kan bli forbudt» på framsida. I artikkelen er overskrifta «Vil straffe facebook-bruk i skoletida». Eg er sitert slik; – Vi må få elevene til å forstå at vi må sette klare grenser for bruk av Facebook i skolen og ha sanksjoner. Men det skal være lokal handlingsfrihet. Den enkelte skole og lærer må avgjøre.

Altså noko anna. Det har eg likevel aldri snakka med VG om. Dei har saksa det frå NRK Hordaland. Dei har eg heller aldri snakka med om det, dei har sikkert sett foredraget mitt på den konferansen i Bergen dei refererer til og som denne dama stod i spissen for. Overskrifta er «Krever restriksjoner på facebook».

Eg snakka i ein halv time om kor viktig IKT og web 2.0 og argumenterte for at dette er nødvendig og viktig i skulen, og eit godt verktøy. Foredraget ligg ute på nettet, gå inn her. Eg spola fram til det punktet dei har tatt tak i og skreiv ned det eg faktisk sa (litt korta ned) om Facebook og forbod. Eg sa først at det viktige ikkje er å kritisere verktøyet, men korleis det vert brukt. Så refererte eg til at eg av og til får spørsmål om forbod i klasserommet:

«Det skal vere opp til den lokale handlefriheten. Det er neppe (riktig) å forby, men å sørge for det samme som ellers. Sette klare grenser, ha klare regler, få elever til å forstå og vere med på dei, ha sanksjonar når dei blir brutt»

Med andre ord, noko heilt anna. I grunn det stikk motsatte av den siste overskrifta! Fascinerande. Det hadde vore interessant å høyre kva nokre av dokke som var i salen oppfatta at eg sa?

God natt!

Maskindans: Norsk Synth 1980-1988

For nokre månedar sidan kom denne gullgruva for oss musikkinteresserte med eit godt auge til 80-talet. Det mykje utskjelte 80-talet har vore gjennom ei rehabilitering dei siste åra. Internasjonalt var synthmusikken stor gjennom heile tiåret, ein skal ikkje lenger enn til Sverige for å sjå det. I Noreg nådde den ikkje same kommersielle suksess, og det var langt færre store artistar ein kan karakterisere som reine synth-band.

Denne samlinga viser at det eksisterte ei stor og tildels veldig bra undergrunnsscene, og det det minner oss på nokre klassikarar. Her er låtar frå rimeleg kjende synth-baserte ting som Beranek, Holy Toy og Ole I’Dole (eg hadde gløymd kor utruleg tøff Space, Action, Sex og Blod var) har gjort. Her er ukjente spor av Fra Lippo Lippi, Bel Canto og The Cut. Her er undergrunnsklassikarar som Svart Klovn, Johnny Yen og White Lord Jesus. Her er det som kanskje – kanskje – er den beste singelen som kom ut i Noreg på 80-talet, Sensation Boys av Clockwork Orange.

Det er dessutan masse eg ikkje kjenner frå før. Ulf Knudsen, Torbjørn Grønning, Headcleaners, Adrian Cox, Bearburger. Og mykje anna. Ei rekke av desse låtane er utgitt på kassettar eller obskure 7″. Eller dei er aldri utgitt. Difor er denne samlinga ei gullgruve for norsk musikk. I tillegg fungerer den som ei fin samling av mykje av det beste frå stilen og perioden.

Det er Hommage Records som står bak. Plata er bra for alle som er glad i 80-tals pop av det elektroniske slaget, men også for alle som vil leite etter elektroniske raritetar frå same periode. Denne klassiske undergrunnsplata kan vere eit døme:

Ein ny EU-debatt?

Landsmøtet i Venstre haldt på partiet sitt nei til EU, med 114 mot 102 stemmer i følge diverse rapportar på Twitter og media (VG og Dagbladet).

EU-saka er som alle veit vanskeleg for Venstre. Partiet er avhengig av velgjarar med både klåre ja- og nei-standpunkt. Sponheim forsøker difor ein manøver der partiet held på sitt nei-standpunkt, samstundes som han sender klåre signal til ja-sjiktet om at han eigentleg er som dei. Eg trur ikkje partiet vinn så mykje på det, men dei kan kanskje unngå å tape på det. Det verkar ikkje som dei blir framstilt som taktiske heller, berre forvirra. Så kan ein jo diskutere kva som er verst.

Uansett har det viktigaste for norsk EU-debatt i dag skjedd på Island. Der har venstresidsa vunne valet. I følge rapportar får sosialdemokratane om lag 30% og SV sitt søsterparti (dei Venstregrøne) om lag 22%. Dei vil med det få fleirtal i parlamentet, og etter alt å døme halde fram i regjering. Det er interessant kva som skjer med EU-saka i ein slik situasjon. Som i Noreg er sosialdemokratane og venstresida usamde om EU-spørsmålet.

Med det valresultatat som ligg, tydar mykje på at dei vil bli samde om å søke for så å legge ut spørsmålet til ei folkerøysting. Den viktigaste grunnen til at Vg kan gå med på det er at det uansett er eit fleirtal i parlamentet for, og at det eksisterer ein annan mogeleg koalisjon som sosialdemokratane kan søke mot (med to mindre ja-parti i sentrum). Det er imidlertid ikkje avgjort med det. I vinter var det stort ja-fleirtal på Island, opp mot 70%. Den siste målinga eg såg var jamn, med om lag 45% ja.

Kva får dette å seie for den norske debatten? Truleg ikkje så mykje, men det ville vere dumt å avskrive det. Det vil få mykje merksemd om Isalnd søker og eventuelt seier ja. Det kan også skape ein ny debatt, ikkje minst i kombinasjon med økonomiske nedgangstider. Dei siste tiåra har det vore i økonomisk utrygge tider det har vore mogeleg å skape noko særleg oppslutning om EU i Noreg.

Det er særleg to grunnar til at eg trur det norske nei’et er meir rotfesta no enn i 1994. For det første så er det no allmenn semje om at Noreg har klart seg og vil klare seg godt økonomisk utanfor EU. I 1994 var trugsmål om industridød, tap av arbeidsplassar og økonomiske problem eit viktig ja-argument. No skal det utruleg mykje til å få folk til å tru på noko liknande.

For det andre (og viktigast for meg og mange andre på venstresida trur eg, eg trudde ikkje på skrmeslane i 94 heller) meiner eg internasjonaliseringa av politikken har styrka argumentet om Noregs sjølvstendig rolle i utanrikspolitikken. Utviklinga dei siste 15 åra viser at handel, miljøspørsmål, økonoiske reguleringar, forsking og andre felt vert internasjonalisert i tillegg til den tradisjonelle utanriks- og utviklingspolitikken. Det gjer stadig nye felt der det er viktig med sjølvstendige aktørar som kan gå litt lenger enn minst felles multiplum i EU, og som kan fremme dei forslaga mange i Europa er for men som det ikkje er oppslutning om i EU. Ikkje minst i klimapolitikken vil det vere ei viktig rolle dei neste tiåra. Den bør ikkje Noreg gje frå seg.

Trur du vi får eit Island-sug som skaper ein ny EU-debatt? Kva er i så fall viktig i den debatten?

Musikksnakk

Endeleg! Takk til Bård H Breivik for å ha opplyst meg om The Residents besøk i Tromsø. Eg har lurt på dette i årevis. Om bileta du har frå besøket er tilgjengeleg på t.d flickr set eg pris på eit hint om korleis eg kan finne dei.

Enkelte har, i kjølvannet av fildelingsdebatten, spurt meg om eg ikkje kjøper plater men berre lastar ned. Meir feil kan ein knapt ta. Eg lastar ned (lovleg) og streamar (lovleg), men først og fremst er eg oppvaksen i albumets store tid. Eg har eit par tusen slike, eg er sterkt knytt til formatet og eg må kjøpe dei viktigaste nye tinga og eige dei fysisk! No er det Hanne Hukkelberg (ein av dei aller beste norsk artistane dei siste åra) si strålande nye plate eg gler meg til å få i hus.

Nokre fleire skulebloggar

Eg har blitt gjort merksam på fleire skule- (og barnehage) bloggar i det siste.

Ann-Hege har ein blogg om kunst og estetikk i barnehagen. Ho arbeider ved førskulelærarutdanninga på Høgskulen i Oslo. Geir har tipsa meg om galeogglobale, om eg forstår det rett er det ein slags samleblogg for elevar ved ulike linjer på Solborg Folkehøgskule. I tillegg driv Geir sjølv ein nyoppretta blogg som heiter folkehøgskoleprat.

Eg tek gjerne imot fleire tips!