Svar om nettdebatt

Nei Lisbeth, det er ikkje Simen SS som skriv bloggen min. Det hadde vore utruleg bra om han kunne gjere det for meg ein gong i mellom (berre han skriv bra nynorsk), men inntil vidare må eg gjere jobben sjølv. Enkelte kommenterer (igjen) om eg svarer på kommenterer. Eg viser (igjen) til innlegget «Å svare» frå desember, og klipper inn det sentrale – min svarpolitikk kan vi kanskje kalle det:

Eg har tenkt ein del på korleis eg skal få svart dokke (og andre som skriv på bloggen). Eg trur den brutale sanninga er at dersom eg skulle kommentere alle innlegg som fortener ein kommentar, så ville livslogistikken min bryte saman. Det vil eg ikkje ha noko av. Eg tenker difor å halde fram slik eg har starta; Med å lese alle kommentarar, samle opp og kommentere med jamne mellomrom (ein vanleg metode i debattar for oss politikarar) men ikkje svare på enkeltkommentarar. Protestar kan leverast som kommentarar til denne posten. Eg lover ikkje å endre meining eller svare på dei, men eg vil lese dei og ta stilling til dei.

Nokre kommentarar; Eg såg oppskrifta di Anders, det var vel den som fekk meg til å skrive innlegget i grunn. Den er eit bra moralsk paradigme for kvar enkelt av oss, og peikar på ein sentral faktor for betre dialog på nett – at folk med makt må delta der og (Det er poenget til Simen også). Det er jo irrasjonelt at statsrådar og stortingsrepresentantar stiller på møte i mellomstore norske kommunar der det møter 8 personar som aldri vil endre meining om noko – medan vi ikkje deltek i nettdebattar med hundrevis av personar. Det er både tradisjon og mangel på kunnskap som spelar inn. Eg skulle likt å få kvalitetssikra data på kor mange deltakarar (grovt sett) dei store nettdebattane har til dømes. Det vil gradvis komme nye generasjonar som ser dette annleis, men vi må arbeide i partia for å snu innarbeida mønster.

Eg trur det kan gjerast litt med sjølve debattane også. Som Jørgen og Mihoe er inne på skal nettdebattar halde på sitt særpreg, men la oss snu utgangspunktet og spørre kva som skal til for å trekke inn maktpersonar. Kva er viktig for ein travel politikar? For det første å nå mange, og å nå riktig publikum. For det andre å begrense og kontrollere tidsbruken. Korleis kan det gjerast, utan å bryte med dei ibuande føremonene nettet har?

Det Vårt Land no gjer ser interessant ut. Dei kopierer vanleg møteverksemd, og bestiller deltaking på bestemte tidspunkt og tema. Det er vi politikarar vand med. Spørsmålet er korleis ein kan gjere det utan at nettdebatt blir erstatta av eingongs einvegs kommunikasjon. Eg trur kanskje at tydelegare skilting av tema/målgruppe/medier kunne freiste fleire utpå også. Det er også noko politikarar er vant med. Vi blir invitert til møte med eit tema og eit bestemt publikum.

Eg er vel sterkt i tvil om kor mykje form og struktur eigentleg betyr. Heller til at det først og fremst er eit spørsmål om å endre forståinga og haldningane hos oss politikarar. Dessutan meiner eg nok at det er minst like viktig å få dei sosiale mediene til faktisk å fungere politisk sosialt, slik vi har sett enkelte døme på i andre land sine valkampar.

3 tanker på “Svar om nettdebatt

  1. Her har du laget en flott oppskrift for hvordan du kan delta på en god måte og på dine egne premisser. Meget bra! Takk!

    Mvh
    Anders Brenna
    Nettsjef
    Teknisk Ukeblad

    Lik

  2. Tilbaketråkk: Farlig å slippe bestefar løs i nettdebatten? « NONA: nettverket for oss som jobber med nettmedier

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s