Senatet som aldri vart

Min gamle kjenning Morten Søberg har skrive bok. Essaysamlinga «Senatet som aldri vart» kom nyleg ut på Samlaget.

Mange vil ikkje kjenne Søberg. Han er politisk rådgjevar i Senterpartiet si Stortingsgruppe, tidlegare tilsett i Kommunaldepartementet og har ein doktograd i samfunnsøkonomi. Sist eg sjekka var han ein entusiastisk forkjempar for nynorsk og motstandar av EU-medlemskap. Han arbeider for Ola Borten Moe på Stortinget, og eg er villig til å vedde ein god del på at han er mannen bak «Nei til SV-staten», «politiske rovdyr» og Stalingrad-referansen.

Han har samla ei serie essays, fleire av dei tidlegare publisert i Dag og Tid, med det eg vil kalle sideblikk på politikken. Han brukar korte blikk i sidespegelen til å sjå på meir enn å analysere personar, hendingar og strukturar. Det er i rommet mellom forteljinga og biletet han opererer. Summen er særs springande, men gjer seg aldri ut for vere noko anna. Kjedar du deg ein augneblink er det aldri langt til noko heilt anna.

Det er ei rekke essays. Dei fleste av dei blandar personlege historiar med politisk fenomen. Eg synest han er best der ei personleg historie går opp i eit større fenomen eller utviklingstrekk . Essayet om den nynorskskrivande samferdslepolitikaren vestfrå er både vakkert og viktig. Han identifiserer ein type politikar eg kjenner godt frå oppveksten min, og fortel samstundes ei fin historie om ein engasjert mann sin kamp for ein veg. Eg las også om utviklinga i norsk pengepolitikk og mannen bak kommunesamanslåingar på 60-talet med den same gleda. Det er også fleire essays med dei same kvalitetane.

Eg finn det ikkje like engasjerande når han skriv om strukturane. Dissensar, grunnlova, lagtinget. Det manglar kanskje ei analystisk tilnærming som kunne løfte det eit hakk, eller så er det berre eg som ikkje er like interessert i det statsvitskaplege. La ikkje det skremme deg frå å lese, dei fleste historiene er engasjerande og gode.

Søberg skriv særs godt. Korrekt og stilsikkert, men samstundes overraskande og morosomt. Han er god på elegante vendingar. Nynorsken er tradisjonell, men aldri parodisk.

Ei god essaysamling eg hadde stor glede av. Sjekk den ut.

4 tanker på “Senatet som aldri vart

  1. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » All makt i denne sal

  2. The blog was absolutely fantastic! Lots of great information and inspiration, both of which we all need!b Keep 'em coming… you all do such a great job at such Concepts… can't tell you how much I, for one appreciate all you do!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s