Deus: Worst Case Scenario

Det beste rockebandet frå Belgia (og det einaste eg kjenner til, eigentleg) er langt på veg vokalist og låtskrivar Tom Barman. Oppsettet rundt han har skifta gjennom åra, det flotte gitarspelet på denne plata er til dømes frå ein gitarist som raskt forsvann ut av bandet. Barman er stor nok til å bere eit spennande og tøft band. Det er likvel ingen tvil om at denne første plata står fram som den beste.

Deus er definitivt eit rockeband. Den tette rytmeseksjonen, gitarøset, stemmen til Barman. Om du skulle vere i tvil hyllar dei seg inn i klede, platecover og eit image fullt av referansar til rockemyter.

Det er eit tungt, nesten heavy,  element i botn på siglane «Suds and Soda» og «Via». Det som gjer bandet unikt er blandingsoppskrifta. Ein dose jazz, ein dose Beefheart og Waitz, masse kjellarbarfølelse. Eit element som tilfører noko spesielt er fiolinen til Klaas Janzoons, sjekk den fantastiske introen på «Suds and Soda». Denne plata er også full av flotte melodiar med sterke tekstar. Mange gode plater har det ved seg at dei er jamnt sterke og i tillegg har eit par verkelege klassikarar. Slik er det på Worst Case Scenario. Eit par er nevnt, ein annan favoritt er Hotellounge:

2 tanker på “Deus: Worst Case Scenario

  1. Belgia har nok ikke hatt så mye å bidra med innen rock, men de har levert mye banebrytende elektronisk musikk. Front 242, the Neon Judgement og a;GRUMHleverte viktige bidrag på åttitallet, selv om sistnevnte knapt har tålt tidens tann. På nullnulltallet har Vive la Fête levert smellfet elektronika med gitar. Her må det for skal nevnes at bandets låtskriver og gitarist er en tidligere bassist fra nettop Deus.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s