Private barnehagar

Som mange har fått med seg, var det streik i private barnehagar i forrige veke i protest mot manglande likeverdig finansiering av tilbodet i private og kommunale barnehagar, og forslaget til ny lov i Ot.prp 57.

Eg er glad for å fortelje at vi no vil skrive likeverdig behandling inn i lovframlegget og at vi presenterer ein plan for å finansiere det. Eg har i dag sendt eit brev til komiteen på Stortinget, der eg slår fast to ting:

1) Eg støttar at vi i lovteksten slår fast at private barnehagar skal handsamast likverdig med kommunale når det gjeld offentlege tilskott. I brevet skisserer eg korleis dette kan gjerast.

2) Regjeringa tek sikte på å finansiere dette gjennom ein opptrappingsplan på inntil 5 år. Vi vil følge det opp i budsjettet for 2010.

Eg er utruleg glad for at vi har fått ei løysing på denne viktige saka. Det var heilt naudsynt! Alle delar av barnehageforliket frå 2003 er no innfridd eller i ferd med å bli sluttført. Full dekning, lovfesta rett, lågare pris og no altså likeverdig behandling. Les meir på Kunnskapsdepartementet og SV etter kvart.

Sogndal

Eg har ikkje skrive mykje om fotball på bloggen min. Det er fordi eg med åra har blitt ein medgangssupportar. Min store lidenskap, landslaget, hadde eg i mange år glede av å følge tett. Ikkje dei siste åra.

Min andre store lidenskap har eg også i periodar hatt glede av å følge tett. Kven hugsar ikkje 6.plassen i 88 (framleis beste plasseringa i eliten), Jostein og Tore Andre sine prestasjonar på 90-talet, Tommy Øren si seine heading mot Vålerenga i gjørma på Ullevål i 2000 som sikra opprykk, våren 2003 då vi låg på andre plass etter halvsepla sesong.

Eg snakkar om Sogndal fotball. Dei siste åra har det vore litt trått. For laget, og for meg. Men eg anar at noko skjer. Vi ligg no på andre plass, etter å ha slått Kongsvinger 2-0 borte i kveld. Eg såg kampen på NRK2. Kva såg eg? Eit solid forsvar. Fine langballar, eit oppspelspunkt. Innsats og tette markeringar, ei sterk sentral midtbane. Og to stykk unge Flo. Kva meir kan ein be om? Eg kjenner at noko kan vere i gjerde, og har i alle fall tenkt å booke meg inn på Melløs når Sogndal kjem på besøk i haust.

La meg i same slengen legge inn nokre godord for Andreas Hompland si bok om Sogndal og fotballen. Den er sikkert vanskeleg å få tak i i dag, men vel verdt å sjekke ut på eit bibliotek for dei spesielt interesserte. Under Håvard Flo, ein av dei mange store gjennom klubben si historie.

Så galt kan det gå

Det oppstår stadig ganske absurde tolkingar av det ein har sagt i media. Det er vanleg for ein politikar å oppleve det. At ein profilert og dyktig redaktør bommar er meir sjeldant.

Hans Kristian Amundsen, sjefredaktør i Nordlys brukar sterke ord i Nordlys i dag. «Aldri før har de rødgrønne skuffet meg mer»  (!) seier han, og refererer til eit oppslag i Aftenposten der eg sa at vi må gjere meir for å gje fagleg sterke elevar utfordringar. Kvar trår han feil?

1. Han har ikkje fått med seg det som er sagt. «Tiden er inne for satsing på de flinkeste, sa SV-statsråden» siterer han fritt frå sin eigen fantasi. Feil. Tida er (framleis) inne for at at alle skal få brukt sitt talent, var bodskapen min i Aftenposten. Elevar som er særleg sterke treng ekstra utfordringar. Nett som dei som slit treng ekstra hjelp.

2. Han trur ein må velge mellom elevar. «Som amen i kirka fører det til at svakere elever, og elever som er tvunget inn i en skole som ikke passer dem, dyttes brutalt ut av politikkens og samfunnets synsfelt.» Men ein lærar i klasserommet kan ikkje velge mellom nokre av elevane sine, ho må gje alle utfodringar på sitt nivå. Då må ein kunne forvente det same av ein kunnskapsminister.

3. Han har ikkje fått med seg kva som er hovudperspektivet til regjeringa. Vi har gjennomført barnehagerevolusjonen, løyva 1 mrd til fleire lærarar for å styrke innsatsen mot dei som slit i norsk og matte, innført tettare kartlegging og gjennomført ei rekke tiltak mot fråfallet i vidaregåande skule. Vi brukar milliardar på tidleg innsats, men enno er det langt igjen. «Alle skal med» seier dei i AP. «Ulike mennesker, like muligheter» seier  vi i SV. Alt dette er hovudperspektivet i stortingsmeldinga som kjem neste månad. Amundsen bør kome på presentasjonen!

4. Han tar dessutan feil om han trur vi ikkje treng å legge til rette for sterke elevar. Han skriv ikkje det, men han kan forstås slik (eg ber om orsaking om eg misforstår). Det er for mange elevar som kjedar seg og ikkje får nok utfordringar, for mange elevar som ikkje får brukt sitt potensiale og sitt talent. I Troms har fylkesråd Pål Julius Skogholt vore flink til å ta tak i dette, ved å tilby undervisning på nivået over for enkelte elevar. Dette er viktig for at oppslutninga om fellesskulen også i framtida skal vere sterk og brei.

Hovudutfordringa er å sørge for at alle lærer seg å lese, skrive og rekne og får brukt sitt talent. Men ingen kan vel i fullt alvor meine at tilpassa opplæring berre skal vere ein rett for ein del av elevane? Så galt kan det gå.

Laibach: Opus Dei

Sidan vi hamna i austeuropa, legg eg turen innom Slovenia. På ingen måte aust i dag, men ein del av Jugoslavia då denne plata kom ut. Musikken og konseptet til Laibach gjer enno sterkare assosiasjonar til aust enn det geografisk opphavet.

Laibach vart danna i Ljubljana i 1980, men det var ikkje før i 1987 at dei vart kjend for eit vidare publikum. Då gav det store britiske indie-selskapet Mute (som har alt frå Erasure og Depeche Mode til Nick Cave og Diamanda Galas i stallen) ut plata Opus Dei. Ei salig blanding av Wagner, marsjrytmar, gitarsoloar og popcoverlåtar  ikledd ein kraftig dose uniformsestetikk verdas ikkje har sett korkje før ellet etterpå. Laibach har openbart ein fot i den industrielle rocken som stod sterkt på 80-talet. Dei tilfører likevel noko eige.

Gjennom åra har dei gjort det til ein spesialitet å spele inn coverversjonar av kjende slagarar. Denne var den første, og eg synest framleis den er den beste. Aldri har vel orginal og ny versjon krasja så kraftig og skapt eit så sterkt resultat. Under er den framleis like slåande Life is Life eller Opus Dei:

Aktiv dødshjelp?

Etter nokre dagar med avistørke og mediatausheit i Sverige kjem eg tilbake til avslutninga på FrP sitt landsmøte. Landsmøtet har tydelegvis vore ei velregissert forestilling som har vist at FrP er det viktigaste og største høgrepartiet i Noreg. Landsmøtet har gjort nokre snåle vedtak, forsøkt å overta ei klassisk venstresak og vedtatt ei rekke klassiske høgrestandpunkt ispedd kjende innvandringsskeptiske dosar.

Dessutan har dei opna for aktiv dødshjelp. Vedtaket har fått dei vanlege avvisande reaksjonane. Eg synest både tonen og innhaldet i avvisinga er vel overdive. Det er lett å peike på problematiske sider ved vedtaket, både etisk og praktisk, men problemstillinga burde i det minste invitere til refleksjon.

Ellers er vel det mest openbare etter at dei borgarlege partia har hatt landsmøte at H-FrP er det einaste realistiske regjeringsalternativet på høgresida, og at det teiknar seg eit bilete av kva ny politikk vi vil få oppleve i Noreg om dei kjem til makta. Det skal eg kome attende til. Legg også merke til at begge desse partia er begynt med handhaldne små plakatar som alle viftar med på landsmøta. Det må vere eit teikn! Av alle dei spennande og bra tinga som skjer i amerikansk valkamp, skal dei hente handhaldne plakatar som delegatane på landsmøtet kan vifte med.

4000 nye lærarar

I går presenterte Utdanningsdirektoratet tala som viser utviklinga i grunnskulen dei siste åra. Tala måler kva som har skjedd etter 3 av 4 år med raud-grøne budsjett.

 

Siden den raudgrøne regjeringa tok over har det blitt 4000 fleire lærarar og over 2500 fleire lærarårsverk i ordinær grunnskule. Lærartettleiken har også gått i riktig retning sidan SV tok over Kunnskapsdepartementet, sjølv om utslaga er små. Det er no fleire lærarar i skulen som kan gje kvar enkelt elev den oppfølginga dei treng.

 

Under forrige regjeringsperiode var talet på lærarårsverk synkande samstundes som det vart færre lærarar pr elev. Vi har dermed snudd den negative utviklinga som var i skulen i heile forrige periode fordi ein prioriterte skattelette til dei rike framfor å satse på fellesskapet.

 

SV har større ambisjoner enn dette og mange stadar er det framleis mangel på lærarar. Difor vil vi i neste periode gå inn for sterkare nasjonal styring av skulesektoren for å sikre at det blir nok lærarar i skulen. Vi må også vurdere korleis vi kan ivareta alt dette.