Cinematic Orchestra: Every Day

Nokre band får alle delar av uttrykket sitt til å passe perfekt saman. Cinematic Orchestra har eit namn som skildrar musikken perfekt, og eit platecover og ein video (sjå nederst) som set bilete til den.

Orkesteret er J Swinscoe, multiinstrumentalist og låtskrivar, sitt verk. Han har med seg eit jazzoppsett av bass, trommer sax og litt piano. Ut av dette tryllar han eit saktmodig og bildesterkt lydbilete. Det er drøymande lydlandskap, men også pop med ein jazzfølelse. Det meste er instrumentalt, men han krydrar med vokalistar innimellom.

På denne, nummer to av tre plater, har han med seg soulsongar Fontella Bass på eit par spor. Ho bygger opp under stemninga på plata, slik også harpespel gjer. Det er lange introar, jazzrytmar og fine melodilinjer. Eit spor skiljer seg ut. Det er ei av mine favorittlåtar frå denne sida av årtusenskiftet.

Englands kanskje beste MC, Roots Manouva, er med på sporet «All Things to All Men». Den snik seg på deg. Eg lar vere å skrive meir, men lov meg at du høyrer på heile denne:

Én tanke på “Cinematic Orchestra: Every Day

  1. Vakkert, urbant vemod. Som The Wire lydlagt av Underworlds To Heal …

    Skal huske å rippe mitt så langt uspilte eksemplar av Cinematic Orchestra Remixes så jeg kan få sjekket det ut litt nærmere.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s