Høgre mot Høgre

Høgre opna landsmøtet sitt i helga som eit parti i krise. Dei lekk som ein sil til FrP, framstår utan klåre saker og er pr. no det einaste partiet som ikkje har eit klårt regjeringsalternativ. Problema er ikkje borte, men landsmøtet gav i alle fall eit klårt signal om kva Høgre trur er vegen ut av problema. Høgre går mot Høgre.

For eit par år sidan prøvde dei seg på det motsette. Jern-Erna skulle bli mjuke-Erna, og partiet skulle ta etter dei (i alle fall i retorikken) sentrumsorienterte søskena i Storbritania og Sverige. Det vart med forsøket. Dette landsmøtet har plassert H nærare FrP, og gjort eit par politiske omdreiningar mot høgre. Med eit visst atterhald for at rapportane i media er rette:

– Dei har tydeleggjort ønskjet om eit samarbeid med FrP, og sa nesten farvel til sentrumsalternativet (noko Lars Sponheim har fått med seg).

– Landsmøtet vedtok å opne for meir midlertidige tilsetjingar mot leiinga sitt ønskje, den stemte ned NRK-lisensen, opna for atomkraft og slakta statleg eigarskap.

– Dei vil halde på kontantsstøtta og fjerne maksprisen på barnehage, samstundes skal det vere nivåinndeling i skulen frå 1.klasse og karakterar frå 5.klasse.

Interessant er det også å sjå at fleire nokså ytterleggåande forslag på innvandring, kriminalitet, skule og anna hadde ein god del støtte i salen utan å bli vedtatt.

Vi får sjå om dette kan få Høgre opp på meiningsmålingane. Det oppildnar nok mange kjernetroppar i partiet, som ligg lenger til høgre enn veljarane, og kanskje stjel det veljarar frå FrP. Det er samstundes nokså trygt å vedde på at det minskar sjansane for ei borgarleg regjering, og gjer valkampen lettare for oss i SV. Ingen ting tyder på at H-FrP skal få fleirtal, og eit Høgre som vender seg vekk frå sentrum kan gje ein meir ideologisk valkamp med klåre frontar.

5 tanker på “Høgre mot Høgre

  1. Tilbaketråkk: Søndagskveld | CingT

  2. Høgre har såvisst eit klart regjeringsalternativ: Borgerleg fleirtal skal gje borgerleg regjering. Om det vil verte med Frp, sentrumspartia eller begge blir opp til veljarane å bestemme.

    Det har vore eit godt landsmøte for Høgre. Sjølv om ikkje er like store semje kring alle vedtak, er summen god. Erna Solberg har komme ut som ein sterkare leiar – og med utspel som Frank Aarebrot som trur Høgre kan bli større enn Framskrittspartiet ved valget går Noreg ein spennande haust i møte!

    Lik

  3. Hei, Bård Vegar, og takk for sist!

    «eit Høgre som vender seg vekk frå sentrum kan gje ein meir ideologisk valkamp med klåre frontar»

    En god observasjon som jeg er helt enig med deg i. Det er ingen ting som er verre i en valgkamp enn et «grøtete» bilde av partiene, hvor det ser ut som om det er uenighet i noen få enkeltsaker som utgjør de fremste forskjellene.

    Et Høyre/Frp-styrt Norge vil være veldig, veldig forskjellig fra det Norge vi har i dag. Mange tror nok det vil bli bedre, men jeg tror ikke det gjelder over halvparten av velgerne. Og det er lettere å få frem når høyresiden tør å presentere høyrepolitikken sin.

    Lik

  4. Interessant med sosialisters definisjon av hva som er å gå til Høyre, men så lenge vi blir kalt «slemme» av dere så er jeg godt fornøyd.

    Jeg skrøt forresten av din spørretime på twitter og bruk av blogg generelt i en debatt under Mediedagene i Bergen 🙂

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s