Blodbad

Som mange har fått med seg foregår det no eit blodbad på Sri Lanka. Regjeringsstyrkar angrip områda nord i landet der tamilane bur, og LTTE (dei tamilske tigrane) opererer frå. Meir enn 75.00 menneske skal vere drepne i den over 20 år lange borgarkrigen, og mange er flykta til utlandet – til dømes til Noreg.

Det som skjer no er likefullt særleg dramatisk. Regjeringa har sett seg føre å knuse den tamilske motstanden ein gong for alle. Berre i går vart det rapportert om minst 378 daude i eit hardt angrep frå regjeringsstyrkane. Ulike tal figurerer, men det vert tala om at det framleis er over 50.000 sivile i det lille nordaustlege hjørnet av landet. Meir enn 100.000 er på flukt, dei fleste som internt fordrivne. Krigføringa har vore særleg brutal, og det vert ført ei hard linje mot alle internasjonale bidrag. Korkje hjelpeorganisasjonar eller journalistar slepp inn i området.

Fram til for ei veke eller to sidan såg eg at mange spekulerte i at regjeringa ville lukkast med å knuse motstanden ein gong for alle. I det siste har eg registrert at fleire kjennarar av landet er blitt meir usikre. I denne artikkelen argumenterer til dømes Kristian Stokke for at det kan vere uvisst.

Det foregår eit internasjonalt arbeid for å stoppe regjeringa, og dess lenger tid det går dess tøffare vil presset på regjeringa bli. Samstundes må vi vere klår over at krigen har brei støtte i det singalesiske fleirtalet, og at det dreier seg om eit land som er vant til å leve med borgarkrig.

Noreg deltek aktivt i arbeidet med å få til ei våpenkvile, å skape eit humanitært rom og med økonomiske bidrag. Erik Solheim står sjølvsagt sentralt i alt dette. Få – om nokon – nordmenn kjenner situasjone på øya betre enn han.

Én tanke på “Blodbad

  1. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Siste akt for tigrane?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s