Dagar i Akershus

Dei siste dagane før ferien bruker eg i stor grad på tur rundt i Akershus. Eg var i Nittedal på mandag, og skal til Fet og Nes i morgon. Eg besøker også ei rekke bedrifter og institusjonar som AHUS, Fetsund Lenser, Sunnaas og Diplom-Is, og har møter med organisasjonar – for å nevne noko.

Ein fin måte å bli betre kjent med fylket på. Eg er som kjent 1.kandidat for SV her i fylket.

Brian Wilson: Smile

 

Namnet Wilson får eg meg til å tenke på sommaren – og motsatt. Mykje stor sommarmusikk er skrive av ein Wilson. Noko av det i bullseye av kva dei fleste ser på som sommarmusikk. Andre delar av det Wilsonske er for litt meir kompliserte sommardagar. I sommar vil eg presentere 3 stykk Wilson. Vi byrjar i bullseye trur eg.

Beach Boys er sommar. Eg treng ikkje seie meir. Det er også popmusikk på sitt største og beste. «Pet Sounds» frå 1966 er eit flott album som ein ofte finn på kåringar over tidenes beste.

«Pet Sounds» var imidlertid berre eit oppspark, eit lite hint, om dei fantastiske musikalske gledene som skulle kome på oppfølgar «Smile». Brian Wilson skulle vise verda. Dei slapp ein smakebit, «Good Vibrations», etter seks månedar i studio. Eg held den for (kanskje) å vere den beste singelen i rockehistoria. Sidan meir studiotid, men ikkje noko album. I 1967 vert albumet avlyst.

Mytene om dette er utallige. BB-leiar, komponist og musikalsk intuisjonsgeni Brian Wilson mista retninga for første gong. Det vert sagt at han var besatt av å gjere eit like revolusjonerande framsteg som med det forrige albumet. Han følte eit kunsterisk press på seg, samstundes som dei hadde opplevd sviktande sal av «Pet Sounds». Han brukte meir og meir narkotika. Det seiest også at han var ekstremt oppteken av konkurransen med The Beatles. Han skal ha høyrt ein demo av «Sgt. Pepper» kort tid før albumet vart avlyst.

Kva som stemmer veit ikkje eg. Eg veit at alt som kom ut av det i samtida var ein singel til, tøffe «Heroes and Villains». Eg veit også at materialet vart henta fram meir enn 35 år seinare, gjort på nytt og spela live på ein lengre turne. Til slutt kom det ut på plate.

Det er ei flott innspeling, full av fin lyd og fine songar. Samarbeidspartnar Van Dyke Parks frå den opprinnelege innspelinga er med. Du kan høyre at dette er lyden av noko stort, sjølv om litt magi har gått tapt. Under er to låtar. Først ein nyare live versjon av «Heroes and Villains».

Så eit gammalt og elendig live opptak av Good Vibrations som ikkje får med starten på låta. Kva veit eg, kanskje dumpar det innom ein lesar som ikkje har høyrt den. For dei som kjenner den er det uansett moro å sjå Brian W i godt slag, thereminen (trur det er det?) og kanskje spørre seg: Kor bra og orginalt kunne ikkje popmusikk vere i 1967.

Nytt kommentarsystem

I dag har eg installert eit nytt system for kommentarar på bloggen. Tanken er at det skal bli lettare å halde i gang dei diskusjonane som er her og som gjer meg mykje spennande input.

 

Tanken er også at det skal gjere det enklare å halde digital spørretime framover, ved at dokke skal kunne stemme fram dei spørsmåla dokke (først) vil ha svar på. I tillegg skal det bli lettare å følge tråden mellom spørsmål og svar. Eg vil gjerne ha innspill og synspunkt på korleis dokke trur dette vil fungere.

Michael Jackson og sommaren

Det har vore ei deilig varm sommarhelg. Planar måtte leggast litt om, men i dette været kan ingen klage. Måtte det vare utover juli.

I dag var eg ein sving innom bursdagen til Heikki Holmås. Der vart «Billie Jean» spela, og alle prata nokre ord om helgas store tema. Michael Jackson. Eg var aldri ein stor fan, men at han hadde enorm innverknad og var veldig bra i eit tiår er det ingen tvil. Perioden rundt albumet «Thriller» viser ein artist som har nesten alt: Musikken, beatet, videoane og dansinga. Ein spesiell miks av pop, disco og soul. At mykje av det som skjedde seinare (både musikken og i livet) var trist får vi gløyme no, slik superstjernene ser ut til å gjere.

Dansinga er i ein særklasse. Ein mann med rytme i kvart fiber i kroppen. Er det nokon på min alder som ikkje hugsar denne augneblinken? Videoen er eit morosamt døme på korleis han sette spor etter seg

Vurderingsforskrifta

Det kan høyrest grenselaust kjedeleg ut, men er viktig. Vurderingsforskrifta. Eg har framlegg til vurderingsforskrift på bordet mitt no, og vil gjerne ha innspel og synspunkt på eit viktig punkt frå dokke skulefolk.

I det opprinnelege framlegget frå Utdanningsdirektoratet var det lagt opp til at «Læreren så langt råd er…» skal sørge for at eleven får vurdering. Dette kunne tolkast som at læraren må hente elevar i minibuss for å få dei til timen, slik det mellom anna vart formulert i eit godt innlegg frå Lektor Marita Aksnes. Mange andre skreiv om og diskuterte framlegget på nett, mellom anna Ingunn Kjøl WiigJørn Holstad Pettersen, Sol Laastad, Torill Ramberg, Linn Gjerde, Margreta Tveisme og før nemnde Marita Aksnes.

Mange høringsinstansar har reagert på dette. Eg er samd med dei. I det nye utkastet frå direktoratet er dette forsøkt balansert slik: Ny §3-3 tredje ledd:

…»Læreren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, slik at retten eleven har etter §3-1, blir oppfylt. Eleven skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårdvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.» (eg har utheva det som er nytt)

Kva synst dokke om dette framlegget? Tek det innover seg kritikken som er kome, og er det tydeleg? Har du eit forslag?

Nokre skulefolk som orkar å gje meg råd midt i ferien (årsak, avspaseringa)? Legg igjen ein kommentar her, og sprei ordet!

Dagbladet-feil

I dag står det på trykk ein sak i Dagbladet papir som handlar om elevar som fell ut av skulen. Min hovudbodskap er at vi er på rett veg. Fleire lærer meir, og dei siste mobbetala viser nedgong. Eg seier også at elevar vert svikta når skulen ikkje klarer å gje dei eit godt nok tilbod, men at det er feil å kalle skulen ein taparfabrikk. Dei fleste gjer det godt og klarer seg godt. Sjå intervjuet klippa inn nederst i denne bloggposten.

På papir er overskifta «Ja, vi sviktar elevene» uten sitatstrek. Med eit bilete av meg som smiler og hoppar tau. Eg har aldri sagt det (det var ikkje med i sitatsjekken), det er desken si tolking. Ei urimeleg tolking etter mitt syn. Og ein veldig spesiell bildebruk, med bruk av eit bilete som er teke i eit intervju om satsing på SFO. Men verst, det gjer inntrykk av å vere eit sitat utan å vere det.

No sprer det seg som sitat. I Dagbladet.no har avisa sjølv gjort den feilen å legge det us som sitat! NTB har gjort det same. Slik oppstår ein feil og eit feil inntrykk!

 

Intervjuet:

— Jeg kan ikke tenke meg en viktigere oppgave enn å hjelpe flest mulige til å få den hjelpen og oppfølgingen de trenger i skolen, sier
kunnskapsminister Bård VegarSolhjell til Dagbladet.

I går skrev Dagbladet at den norske skolen skaper tapere: En av tre elever føler seg ikke hjemme i det norske skolesystemet, og faller ut av undervisningen.

Kunnskapsminister Solhjell vil ikke være med på å skape tapere. Han mener den rødgrønne regjeringen har gjort synlige grep og er på god vei mot lage en norsk skole for alle:

— Vi er på rett vei og ser klare tegn til forbedringer både faglig og sosialt i den norske skolen. Vi har allerede satt i gang flere tiltak, og flere skal påbegynnes. Vi er i ferd med å snu «vente-å-se»-holdningen blant annet ved å følge opp elever tidligere og tettere, vi har fått flere lærere og flere timer inn i skolen, sier Solhjell.

Ingen «taperfabrikk»
Like fullt innrømmer Solhjell at norsk skole svikter elevene:

— Vi svikter elevenes framtid når vi ikke kan gi dem et godt tilbud til læring og oppfølging i skolen. Det er positivt med fokus på dem vi har sviktet, men jeg synes det er feil å kalleden norske skolen for «taperfabrikken». Det er riktig at mange ikke finner seg til rette, men det er fortsatt mange som lærer en hel masse.

— Jeg er enig i at skolen er rettet mot noen, men ikke mot alle. Slik skal det ikke være, vi vil at færre skal falle ifra. Jeg kan ikke være
fornøyd før alle får det skoletilbudet de trenger, sier Solhjell.

Døgn i Nord-Noreg

På kontoret igjen etter eit hektisk (men veldig bra) døgn i Nord-Noreg. På føremiddagen besøkte eg Utdanning.no i Tromsø og lanserte det nye senteret for IKT i utdanning. Det skal lokaliserast i Oslo og Tromsø, med hovudkontor i Tromsø.

Det bar så til Tromsdalen skule sin SFO, der dei har satsa særleg sterkt på fysisk aktivitet. Etter det var det fly til Narvik, med eit par raske møte om lokale prosjekt og eit opent møte om kvelden. Ikkje minst var besøket på Narviksenteret interessant. Det er ein fusjon av Krigsminnemuseet og Fredssenteret i Narvik.

Den korte filmen eg vart vist om det som skjedde i Beisfjord fangeleir nær Narvik i 1942 gjorde eit enormt inntrykk. Eg har høyrt om den før, men visste ikkje kor ille det var. Det var den verste fangeleiren i Noreg under 2.verdskrigen. 900 partisanar vart frakta hit sommaren 1942, og i løpet av nokre månedar mista om lag 2/3 av dei livet. Nokre vart skotne, andre døde av sult og utmatting. Ein del døydde i brakkene sine då dei nekta å gå ut for å bli henretta, og tyskarane tente på brakkene. Berre om lag 100 av 900 var i livet då krigen var over.

Narviksenteret gjer eit viktig arbeid med å dokumentere denne historia, og å drive formidling og undervisning om det.