Baby Dee: Little Window

Frå det store intet (for meg) kom denne plata frå artisten Baby Dee i 2001. Ho var i NYC-miljøet rundt ei gruppe som på det tidspunktet var nesten like ukjent, Antony and the Johnsons.

Baby Dee er frå Cleveland Ohio, og har ein brokete musikalsk bakgrunn som harpist og syngande performanceartist. Ho er ein profilert transkjønna og slår seg etterkvart ned i NYC, og blir ein del av eit kreativt musikalsk miljø. Det er naturleg å trekke assosiasjonar til både stemmen og musikken til Antony Hagerty når du høyrer dette. Dei deler også proudsent David Tibet (han frå Current 93) på debutplatene sine. Kven som har påverka kven er mindre klart. Baby Dee har vore aktiv i mange år.

Musikken er enkel og tynn. Ikkje noko band, berre enkle instrument som støttar stemmen. Songane er hundre prosent i fokus. Ho er harpist, men på denne plata er det piano eller trekkspel som gjeld. Eller, fordi det aldri er meir enn eit instrument i sving. Det er vakkert og stilfarent, men mest av alt uendeleg melankolsk. Baby Dee har ein heilt spesiell sangstemme full av lengt som understøttar dei triste songane.

Du kan laste ned nokre låtar frå plata her. Under er eit sjeldant konsertopptak av tittelsporet, her med harpe i staden for piano:

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s