Tuxedomoon: Desire

John Dee Oslo, . Eg står fremst i mditen foran scena blant eit glissent publikum på 100-200 stk. Der oppe er Peter Principle, Luc Van Lieshout, Steven Brown og Blaine L Reininger i ferd med å gå av scena etter ekstranummer. Dei har storkosa seg, kanskje over entusiasmen hjå publikum? Reininger går sist, og på veg ut ser eg at han vinkar etter dei andre og vil ha dei med inn igjen. Dei forsvinn. Han kjem åleine på, set seg ved pianoet og spelar og syng «Pinheads On the Move».

Eg ser på Tuxedomoon som eit av dei store ensembla (band blir feil) i populærmusikken. I San Fransisco i 1977 dannar Steven Brown og Blaine L Reininger gruppa, og etter litt utskifting er Peter Principle og Winston Tong med. Desse fire utgjer kjernen i den kreative hovedperioden 1979-83. Ralph Records gjer ut dei tidlege platene deira. Dei fire amerikanarane flyttar midt i denne perioden til Europa (Rotterdam så Brussel, og plateselskapet Crammed Discs) og forblir her ut karrieren. Reininger og Brown er drivkrafta, eit slags Lennon/McCartney. Winston Tong er i så fall Harrison med sine få men særprega låtar. Alle fire har solo-album på samvitet, Reininger dei klart mest interessante.

Musikken er avant-garde, men også popmusikk. Den oppstår i triangelet mellom new wave, elektonika og klassiske songkunst. Kollektivet beherskar til bass, gitar og piano – men også klarinett, sax og Reiningers elektriske fiolin. Og trommemaskin. Brown, Reininger og Tong delar på å synge. Dei framstår musikalsk rastlause, alltid på veg vidare. Det er alltid ei overrasking i eit av deira produkt. Platene er ulike seg imellom, men dei fleste er konsistente og heilskaplege produkt.

Desire kjem i 1981, midt i ein periode av fleire LP’ar, 12″ og innspelingar til scenekunst. Det er høgdepunktet i ein periode full av høgdepunkt. Den er tidvis manisk med sitt høge tempo, men full av vakre melodiar. Det kviler ein sterk melankoli, ja nesten eit desperat uttrykk over plata. Som andre store plater er den utan uinteressante spor, men med enkelte verkelege høgdepunkt.

Iscenesettar Bruce Geduldig er viktig for konsertane og den gradvise orienteringa mot scenekunst, og Luc Van Lieshout kjem inn i ein viktig rolle frå 1983. Då går Reininger ut for godt, og det blir raskt synleg at han var Tuxedomoons Lennon. Den gode Holy Wars frå 85 held oppnivået. Frå denne bør du sjekke ut vakre «In a Manner of Speaking». Etter dette er det momentet borte. Dei har gjort comeback med tre heilt greie plater dei siste åra (utan Tong, med Van Lieshout), men det viktigaste med det har vore at eg og andre har fått eit høve til å sjå dei no modne herrane i live på scena.

Her er ein «video» av Jinx frå 80-81.

Det er få gode konsertopptak frå denne tida, difor to nyare frå etter gjenforeininga. Jinx frå 2005, med Winston Tong inne på lån. Tong syng, Principle på bass, Reininger på fiolin og Brown spelar Obo.

Her «Again». Reininger syn frå pianoet, Brown spelar sax medan Principle som alltid står som ei klippe bak bassen.

6 tanker på “Tuxedomoon: Desire

  1. Husker de første turene med toget sørover til Oslo da jeg gikk på videregående midt på 80-tallet, etter at en litt eldre kamerat hadde flyttet til hovedstaden.

    Følelsen av å komme inn i et mytisk, kultisk rom da vi gikk inn på Utopia i Pilestredet. Her fantes relikviene, stående i trekasser, vinylplater vi ellers bare hadde lest om i hellige tekster som Puls, Beat og Nye Takter.

    Her kjøpte jeg en gang Winston Tongs soloplate Reports From The Heart, og ikke bare én, men to ganger sendte jeg senere inn ønsker og fikk tittellåta spilt på yppersteprest Harald Are Lunds og hans vestalinne Karin Westrheims ukentlige bønneutrop Radioskopet.

    Melankolien i Reports From The Heart passet perfekt med min tilstand av vedvarende ulykklig forelskelse gjennom gymnasårene – og tåler et gjenhør enda i dag:

    En del av det Tuxedomoon bedrev ble i overkant eksperimentelt for meg da, men jeg likte godt In A Manner Of Speaking (også skrevet av Winston Tong), fra albumet Holy Wars. Den har fått noen gode coverversjoner, bl.a. av Martin Gore og Nouvelle Vague:

    Og også av for meg mer obskure Electronic Gemini, som vel nærmest gjøre en cover av Gores cover:

    Lik

  2. Jeg tror ikke det finnes bedre plater enn Desire. Jeg må likevel anbefale live-skiva Ten Years In One Night. Der finnes det noen fantastiske tolkninger av flere låter fra Desire. (Dessverre mista jeg den sammen med rundt femten andre Tuxedomoon-plater, etter at jeg hadde brukt dem i en radiosending en gang. Langt i fra alt har latt seg erstatte så langt. Snufs.)

    Lik

  3. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Blaine L Reininger: Night Air

  4. Etter ti år uten platespiller, kjøpte jeg idag en forforsterker og kan igjen høre vinyl. Fingrene bladde seg fort frem til Night air og mens Blaine fyller rommet søkes parallelt etter tuxedomoon på Internett. dette geniale band som står der oppe, alene, på toppen. Og når Internett ga svar, pekte det på denne siden, og jeg ble sporenstreks beroliget av at noen av de som styrer dette landet har Tuxedomoon i bunn. Dette gir håp. Takk

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s