Milan Kundera

Den siste veka har eg tenkt litt på Milan Kundera. Det byrja med at ein artikkel i Aftenposten (papir). Den minna meg om ei historie som vart avslørt i vinter.

Miroslav Dvoracek er ein eldre mann som lever i Göteborg. I 1950 vart han anmeldt til tryggingspolitiet i Tsjekkoslovakia. Han var ein fiende av kommunismen. Han fekk 22 års fengsel, men slapp med 14 års straffearbeid og store helseskader. Anmeldelsen blei gjort offentleg i vinter. Den var levert inn av Milan Kundera.

Milan Kundera. Engasjert i Praha-våren i 68, bøkene hans vart forbodne. Han rømte til Frankrike i 1975. Ein av dei store i europeisk litteratur. Det har lenge vore kjent at han var kommunist i ungdommen, men angjevar? Ei forklåring går ut på at det ikkje var politiske motiv involvert, at han berre skulle hemne ein kamerat si kjærleikssorg årsaka av Dvorocek.

Historia minte meg på ei av Kunderas tidleg romanar, «En spøk», som eg las for mange år sidan. Eg trur den er frå slutten av 60-talet. Hovudpersonen (ein ung student) er ulukkeleg forelska i ein glødande ung kommunist, Marketa. Ho vil ikkje ha han, viser det seg. Full av desperasjon sender han eit brev til ho. Brevet er krydra med antikommunistiske slagord, halvt i spøk. Som eit rop om merksemd. Merksemd får etter dette. Av tryggingspolitiet. Hendinga fører til at han vert dømt til mange års straffearbeid. Han var ein fiende av kommunismen.

Av ein eller annan grunn har eg tenkt på Kundera når eg har lese om FOST (er det ei kobling til Praha? Kafka?). Og når eg har lese om Iran (politistat? overvaking?). Eg har lese nokre romanar av Kundera, men ikkje på mange år. Trudde eg var ferdig med han. Kanskje er eg ikkje det?

3 tanker på “Milan Kundera

  1. Milan Kundera er en av mine favorittforfattere – en av disse som jeg «sparer på», for ikke å «lese opp» hele forfatterskapet for tidlig…

    «En spøk» er ei fin bok. Jeg lurer på hvor god oversettelsen til norsk er. (I etterordet til den femte (!) oversettelsen til engelsk beklager Kundera seg over hvor dårlige de fire første oversettelsene til engelsk var…)

    Men at han var angiver i sin ungdom er et forstyrrende element – menneskene er komplekse vesener.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s