Sonic Youth: NYC Ghosts and Flowers

Sonic Youth er kanskje – kanskje – det beste rockebandet dei siste to tiåra. Dei er det motsette av eit ei-låts band. Spør du om den beste låta deira har eg ikkje svar. Ikkje ein gong på kva som er den beste plata. Daydream Nation? A Thousand Leaves? Rather Ripped? Det er lyden av Sonic Youth som er flott meir enn ei enkelt plate.

Bandet var starta på byrjinga av 80-talet. Gitaristane Thurston Moore og Lee Ranaldo møter no-wave artist Kim Gordon. Dei byrjar å spele eksperimentell og bråkete musikk. Etter nokre år utvikla dei eit melodiøst, tungt rockesound med Steve Shelley på trommer, og med «Sister» og «Daydream Nation» nådde dei breiare ut. I løpet av 90-talet tok musikken inn fleire element av jazz og avant garde, kombinert med den tunge gitarrocken. Jim O’Rourke vert meir eller mindre fast medlem i bandet.

Lyden av Sonic Youth dei siste åra vil eg kalle klangfull rock. Rare, uvante klangar er sentralt. Det same er tungt, gitarbasert driv. Gitarar er stemt til styggvakre klangar, skiftande vokal legg seg oppå. Eit spor kan vere eit kort rockestatement, bygge seg opp sakte men sikkert i episk stil eller vere eit no-wave inspirert inntrykk.

NYC Ghosts and Flowers er den første plata i ein New York-triologi. Den er ofte litt nedvurdert, men eg ser på den som ei av deira finaste. Dessutan meiner eg jo at sangar og plater ikkje er så viktig for dette bandet – det er klangen som tel. Denne er full av klang. Gitarklang og klangfull perkusjon. Alle vokalistane kjem til sin rett. Den innleiar ein slags tradisjon med å bruke bilete av maleri og andre kunstverk på coveret (Sjekk fronten til årets «The Eternal», med eit vakkert bilete av gitarist John Fahey). På denne er det William S Burroughs som pregar fronten. Her er Nevermind live:

5 tanker på “Sonic Youth: NYC Ghosts and Flowers

  1. Kunne ikke sagt det bedre selv! Selvom jeg vet at politikere også er all slags folk blir jeg vel noe overrasket over å finne denne plata som favoritt hos en norsk toppolitiker..? No offence. Fortsett slik og jeg kan komme til å stemme din vei til høsten, hvis resten passer vel å merke .-D

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s