Brian Wilson: Smile

 

Namnet Wilson får eg meg til å tenke på sommaren – og motsatt. Mykje stor sommarmusikk er skrive av ein Wilson. Noko av det i bullseye av kva dei fleste ser på som sommarmusikk. Andre delar av det Wilsonske er for litt meir kompliserte sommardagar. I sommar vil eg presentere 3 stykk Wilson. Vi byrjar i bullseye trur eg.

Beach Boys er sommar. Eg treng ikkje seie meir. Det er også popmusikk på sitt største og beste. «Pet Sounds» frå 1966 er eit flott album som ein ofte finn på kåringar over tidenes beste.

«Pet Sounds» var imidlertid berre eit oppspark, eit lite hint, om dei fantastiske musikalske gledene som skulle kome på oppfølgar «Smile». Brian Wilson skulle vise verda. Dei slapp ein smakebit, «Good Vibrations», etter seks månedar i studio. Eg held den for (kanskje) å vere den beste singelen i rockehistoria. Sidan meir studiotid, men ikkje noko album. I 1967 vert albumet avlyst.

Mytene om dette er utallige. BB-leiar, komponist og musikalsk intuisjonsgeni Brian Wilson mista retninga for første gong. Det vert sagt at han var besatt av å gjere eit like revolusjonerande framsteg som med det forrige albumet. Han følte eit kunsterisk press på seg, samstundes som dei hadde opplevd sviktande sal av «Pet Sounds». Han brukte meir og meir narkotika. Det seiest også at han var ekstremt oppteken av konkurransen med The Beatles. Han skal ha høyrt ein demo av «Sgt. Pepper» kort tid før albumet vart avlyst.

Kva som stemmer veit ikkje eg. Eg veit at alt som kom ut av det i samtida var ein singel til, tøffe «Heroes and Villains». Eg veit også at materialet vart henta fram meir enn 35 år seinare, gjort på nytt og spela live på ein lengre turne. Til slutt kom det ut på plate.

Det er ei flott innspeling, full av fin lyd og fine songar. Samarbeidspartnar Van Dyke Parks frå den opprinnelege innspelinga er med. Du kan høyre at dette er lyden av noko stort, sjølv om litt magi har gått tapt. Under er to låtar. Først ein nyare live versjon av «Heroes and Villains».

Så eit gammalt og elendig live opptak av Good Vibrations som ikkje får med starten på låta. Kva veit eg, kanskje dumpar det innom ein lesar som ikkje har høyrt den. For dei som kjenner den er det uansett moro å sjå Brian W i godt slag, thereminen (trur det er det?) og kanskje spørre seg: Kor bra og orginalt kunne ikkje popmusikk vere i 1967.

2 tanker på “Brian Wilson: Smile

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s