Studentdebatt

I ein gymsal på Romerike Folkehøgskule sit denne gjengen (og ein del til) og høyrer sentrale utdanningspolitikarar i Noreg diskutere høgare utdanning. Frå høgre Per-Arne Bjerknes (SP), Odd Einar Dørum (V), Ine Eriksen Søreide (H), Hilde Ekeberg (KrF), Freddy De Reuter (AP) og debattleiar Johannes Fjose Berg.

I salen sit studentar som er aktive i STL. Studentenes Landsforbund er ein viktig organisasjon med ei stolt historie. Tidlegare i år gjorde dei eit historisk vedtak om å slå seg saman med Norsk Studentunion. Det vert eit spennande og truleg vellukka ekteskap.

Biletet er teke av meg rett etter debattslutt. I min sluttappell sa eg at alle hadde to val i haust. Først skal ein velje side, og på høgresida er FrP det dominerande partiet med ein heilt anna politikk enn dei andre. Dei som vel raudgrønt skal gjere eit nytt val mellom tre parti. Då bør dei velje det partiet som prioriterer kunnskap. Dørum var i form i dag. Han repliserte til meg at han skulle ta eit oppgjer med min avslutningsappell på den nye bloggen sin. Eg har ikkje adressa, men kanskje nokon tipsar meg?

SUs sommarleir revisited og første dag på kontoret

SUs sommarleir hadde dårleg ver, men var ellers om lag slik eg hugsa det. Telt, matkø, bading, kiosk, litt småklining i krokane (ikkje av meg altså, av SU’arane) og litt politikk. Ganske mykje faktisk. Mange politisk engasjerte ungdommar, og overraskande høgt nivå og gode diskusjonar der eg var. Ved sida av her ser du ein del av den gjengen eg innleia for/diskuterte med i eit litt bortgøymd, mørkt lokale som ikkje la nokon dempar på diskusjonen.

Eg traff såvidt også ein bloggar som har fått litt merksemd i skulemiljøet på nett denne våren, på grunn av m.a dette innlegget og andre reflekterte bidrag. Ho heiter Carina, er med i SU og har denne fine bloggen

I morgon er det rett på kontoret. Etter ein litt mjuk start føler eg meg no klar for ein og ein halv hektisk månad! Valkamp er slitsamt, ikkje minst for familien, men det er og det beste med politikk. Å kome ut og møte folk, høyre på folk og overbevise folk.

SUs sommarleir

Første skikkelege arbeidsdag i morgon. Eg drar ned til SUs sommarleir grytidleg i morgon i lag med Heikki. Kanskje eg skriv noko derfrå, men får ikkje lagt ut frå telefonen då eg må ha eit nytt og betre program først og det vert vel lite tid til laptop.

Blir moro å vere på sommarleir igjen. Eg var fast inventar på desse i SU-tida mellom ca 1989 og 1995, og har vore på mange etter det også. Var alltid mykje moro i grenselandet mellom politikk og moro, og har ikkje forandra seg mykje har eg inntrykk av.

H/FrP-regjering?

I dag vert det lagt frem ein rapport om kva politikk ei eventuell H-FrP regjering vil føre. Det er SVs stortingsgruppe som har laga den. Rapporten blir nok lagt ut her utover dagen.

Det er ikkje for å sverte partia, men ganske enkelt for å klargjere kva vi kan vente oss. Sidan dei borgarlege ikkje kan bli samde om å bli samde, må vi sjå på kva vi kan vente oss.  Det SV har gjort er enkelt, vi har sett på kva dei har stemt og gjort på Stortinget og kva som står i programma.

Min nestleiarkollega Audun Lysbakken stiller til nettmøte i dagbladet om rapporten i dag

Siste sommarferiedag

Siste sommarferiedag er forbi. Det er litt tungt, synest eg alltid. For nokre år sidan fanga eg opp (frå sjølvbiografien?) at sjølv Gro Harlem Brundtland syntest dei første dagane på jobb etter ferien kunne vere litt lange. Då har eg også lov. Eg lovar likevel at det skal gå veldig fort over!

Det har vore ein veldig fin ferie. Har med eit halvt auge også registrert at det er ein del å harsellere over frå den siste veka, men eg trur eg lar det vere.

Eg skal kome sterkare attende med nytt innhald her, allereie i morgon.

I mellomtida: Ikkje «Siste sommerferiedag» med DeLillos. Derimot ei gjenoppdaging eg gjorde i ferien. Eg var på Mallorca den første veka av ferien, på eit sånt Wing-hotell opplegg. Der var det bassenggym kvar dag klokka 12 (For the record: Eg deltok ikkje!). Ei av låtane som det vart gymma til, var denne Queen-slageren. Den er visstnok også kåra til beste køyrelåt i eit britisk bilprogram. Eg kan ikkje for det, har gått og nynna på den no i to veker.

Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue

Neste Wilson ut er den openbart minst talentfulle frå Beach Boys, Dennis. At han skulle bli den første Wilson til å gje ut eit soloalbum var ei overrasking. At han har kome med det klårt beste Wilson-albumet er ein sensasjon.

Pacific Ocean Blue – det einaste han rakk å gje ut før han drukna som 39-åring – er ei strålande trist sommarplate.

Dennis Wilson var mellomste bror, og hadde visstnok det mest konfliktfylte tilhøvet til den autoritære faren. Han hadde rollen som kvinnebedårar og opprørar i Beach Boys. Utover 70-talet slo han seg ned, arbeidde seriøst med musikk og spelte inn ein god del (t.d er opptaka til ein oppfølgar tilgjengelege i dag).

Pacific Ocean Blue luktar salt. Det er veldig vestkyst (Jackson Browne?), veldig 70-tals (litt Eagles, litt Nick Drake) veldig stor lyd (van Dyke Parks) og litt Beach Boysk ein stad i bakgrunnen. Først og fremst er det likevel sterkt personleg. Fine og orginale balladar og ein særprega stemme. Ei plate som ikkje eigentleg liknar på så mange andre, sjølv om den er tidstypisk (frå 1977).

Den høyrest ut som California på ein trist dag som likevel er litt fin, synest eg. Her er ein av mange fine, Thoughts of You:

God sommar – bloggpause til 20.juli (vidare til om lag 29.juli)

Eg byrjar ferien min i morgon fredag 3.juli. Eg tek total bloggpause fram til om lag 20.juli. Då ser eg innom igjen.

Ha ein fin ferie alle saman. Gjer som meg, lad opp til ein viktig valkamp.

18.7: Berre innom og ser at alt er stille, her som i samfunnet ellers. Tek ei gode veke til med bloggpause, er i Sverige den neste veka

24.7: Gløymde ved forrige sjekk å skrive ny dato for å kome innom, om lag 29.juli – altså midten av neste veke.