Takk for hjelpa

Takk for hjelpa med vurderingsforskrift. Alt er lese, ein del er eg samd med og noko tar eg omsyn til. Elles avdekkar debatten noko ulike syn, men ikkje minst den evige balansen mellom detaljert regulering for klåre reglar og fleksibilitet lokalt som samstundes kan skape ulike tolkingar.

Elles har eg hatt to spennande opplevingar i dag med lokale SV-folk i Fet og Nes. Besøk på bedrifta Kanmer i Nes kommune. Det er ei VTA-bedrift og ei attføringsbedrift. Eg besøkte kulturminnet Fetsund Lenser. Det var det største tømmerfløytingsanlegget i Noreg, og i drift fram til 1985. Det ligg nedst der Glomma renn ut i Øyeren, og fortel ei imponerande industrihistorie i vakre omgjevnadar. Her møtest kultur og natur på eit særeige vis. Eg rakk også ein bra runde om skule og barnehage i Fet kommune.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s