Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue

Neste Wilson ut er den openbart minst talentfulle frå Beach Boys, Dennis. At han skulle bli den første Wilson til å gje ut eit soloalbum var ei overrasking. At han har kome med det klårt beste Wilson-albumet er ein sensasjon.

Pacific Ocean Blue – det einaste han rakk å gje ut før han drukna som 39-åring – er ei strålande trist sommarplate.

Dennis Wilson var mellomste bror, og hadde visstnok det mest konfliktfylte tilhøvet til den autoritære faren. Han hadde rollen som kvinnebedårar og opprørar i Beach Boys. Utover 70-talet slo han seg ned, arbeidde seriøst med musikk og spelte inn ein god del (t.d er opptaka til ein oppfølgar tilgjengelege i dag).

Pacific Ocean Blue luktar salt. Det er veldig vestkyst (Jackson Browne?), veldig 70-tals (litt Eagles, litt Nick Drake) veldig stor lyd (van Dyke Parks) og litt Beach Boysk ein stad i bakgrunnen. Først og fremst er det likevel sterkt personleg. Fine og orginale balladar og ein særprega stemme. Ei plate som ikkje eigentleg liknar på så mange andre, sjølv om den er tidstypisk (frå 1977).

Den høyrest ut som California på ein trist dag som likevel er litt fin, synest eg. Her er ein av mange fine, Thoughts of You:

3 tanker på “Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue

  1. Eg kjøpte dette albumet for to dagar sidan – artig å finna tilråding og omtale frå deg no i etterkant! 🙂

    "California på ein trist dag som likevel er litt fin" var ei fin skildring av albumet. Og Thoughts of You er eit hjarteskjerande vakkert stykke musikk..

    (På Platekompaniet måtte eg ut med skarve niogsyttikroner for denne doble-CDen.. )

    Albumet fortener mange fans!

    Lik

  2. Som gammel Beach Boys fan med 78 plater i samlingen kjøpte jeg plata da den kom ut. Mye bra! Men ikke glem det siste til Brian: That lucky old sun. Her fosser det på med god og ekte Beach Boy sound.

    Lik

  3. The Zune concentrates on being a Portable Media Player. Not a web browser. Not a game machine. Maybe in the future it’ll do even better in those areas, but for now it’s a fantastic way to organize and listen to your music and videos, and is without peer in that regard. The iPod’s strengths are its web browsing and apps. If those sound more compelling, perhaps it is your best choice.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s