For rike folk flest

Dagens Næringsliv skriv i dag at kjende investorar som Christen Sveaas og Stein Erik Hagen gjer millionar av kroner til FrP sin valkamp. Faktisk gjer dei to åleine nesten like mykje som heile valkampbudsjettet til SV (to millionar kvar, medan SVs budsjett er på 4,7 millionar totalt).

 

 

Det er sjølvsagt heilt lovleg å gje pengar til eit parti. SV får til dømes økonomisk støtte av LO til denne valkampen, og vi har samla inn ein del småpengar gjennom mindre beløp i hundrekronersklassen.

 

Men la det ikkje vera tvil: Hagen og Sveaas har enorm eigeninteresse av å støtte FrP. Dersom FrP og Høgre får regjeringsmakt vil dei til gjera store omvendte fordelingsgrep. Dei vil gje dei rikaste i Noreg milliongåver gjennom å fjerne formueskatten. I løpet av ein fireårsperiode vil Stein Erik Hagen få 55 millionar kroner og Christen Sveaas 14,7 millionar kroner, basert på formuetal frå 2007.

 

Det kallar eg ei god investering. Eller utgift til inntekts ervervelse om du vil!

 

I sum er formueskatten om lag 12 milliardar kroner. Det er om lag like mykje som heile barnehageløftet – pris, kvalitet, utbygging – kostar oss ekstra i år samanlikna med i 2005. 93% av all formueskatt vert betalt av personar med meir enn 1 million i netto formue. Vi har i denne perioden gjennomført ei kraftig omfordeling i formueskatten, som gjer at dei med store fomuar betaler meir medan 400.000 nordmenn slepp formueskatt.

 

PS! I avisene i sommar vart det varsla ei «kronerulling» for FrP blant ein del folk med pengar. Kronerulling her betyr 10.000 pr person. Det er under grensa for kva ein må oppgje offentleg av pengegåver. Eg meiner likevel det er av offentleg interesse å vite kva menneske med makt og pengar i Noreg som støttar FrP med 10.000. Det er eit uttrykk for politisk støtte, og for dei fleste er det ikkje eit småbeløp. Nokon som tar ballen?

8 tanker på “For rike folk flest

  1. Ikke bry dere. SV har oppdaget Open Source og de sosiale fellesskap, som alt sammer er gratis tjenester. Folkelighet og nærvær gjør like mye som bøtter med penger, så det er bare å stå på.

    Lik

  2. LO skaper et stort demokratisk problem med sine gigantiske bidrag. Dette bare utjevner litt av det.

    Denne regjeringen hadde forresten 150 milliarder mer i skatteinntekter enn forrige (før krisen) uten at de klarte å avskaffe fattigdommen av den grunn. Det setter de 12 i litt mer perspektiv. Dessuten er vel denne regjeringen den eneste som har prestert å øke skattene på bedrifter midt i den største krisen på mange tiår. Illustrerer hvordan de er flinke til å dele ut penger men tenker mindre på hvor de skal komme fra

    Lik

  3. Jeg må si at jeg elsker måten dere sosialister klarer å vinkle det hele til at rikingene _får_ penger, når det i realiteten er staten som velger å _ta_ litt mindre.

    Lik

  4. Tilbaketråkk: FrP – Partiet for rikinger flest « Ingvild Reymerts Blogg

  5. Tilbaketråkk: Frp – på parti med de rikeste! « Benjamin Endré Larsens blogg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s