Ping: Discotheque of Darkness

Finst omgrepet «Softprog»? Eg googla det, og fekk berre diverse programvare- og nettaktige treff. Eg introduserer herved sjangeren Softprog. Norske «Ping» er eit softprog-band. Det er det du får når du tar progmusikk, blandar med ein dose Stereolab, ein dose Ween og erstattar det harde prog-utrykket frå 70-talet med ei lettare innpakning.

La meg først advare. Gitarist, opphavsmann og coverfotograf Mattis Janitz  bur saman med søstera mi. Eg er likevel 100% nøytral og objektiv når eg seier at dette er ei av dei finaste norske platene så langt i år.

Eg har høyrd ein av Ping før. Det har vore småpent og morosamt. Og veldig Prog, med sine opp- og nedgongar episke kvalitetar. Men musikk skal ikkje vere småpent eller morosamt. Det skal gjere inntrykk og vere alvorleg. Slik denne plata er. Discotheque of Darknes er veldig bra. Og framleis veldig prog.

Ping har verkeleg teke eit stort steg. Det er samspelt og tett, til trass for det avanserte uttrykket. Dei fleste små raritetane og tullelydbiletet som har prega dei før er borte. Det som likevel imponerer mest er låtmaterialet.

Det mystiske bassdrivne opningssporet, todelte «Brothers», tøffe «Yes Means Yes» og nydelege «A Day In the Soup». Og mange andre. Det er spennande. Eg hadde stadig meir lyst til å høyre neste song ved første gjennomspeling. Det er variert. Ingen songar er like.

Eit par morsomheiter (som å svinge innom Prøyssens pengegallopp) er igjen. Eg kan styre meg for det, men eg kan ikkje styre meg for det som samla sett er blitt ei strålande plate. Høyr musikken på heimesida, MySpace-sida eller Spotify. Dette er Softprog!

4 tanker på “Ping: Discotheque of Darkness

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s