Robert Wyatt: Rock Bottom

Tidleg på 70-talet fell songaren og trommeslageren i Soft Machine, Robert Wyatt, ut av eit vindu i 5.etasje og blir lam. Han legg innspelinga han driv med på hylla, og må gjennom eit lengre opptreningsopplegg. Under dette veks låtane og det luftige lydbiletet på «Rock Bottom» fram.

Han samlar ei gruppe fine musikarar (m.a Alfreda Benge, som skulle bli kona hans) og brukte tid på innspelinga. Resultatet er eit av dei finaste og mest tankefulle albuma frå 70-talet.

Det går sakte framover, med lange og langsame spor. Melodiane er vakre og komplekse, litt prog-aktige, men openbart det berande elementet på plata. Lydbiletet er luftig – her er det ikkje noko tett rockebeat. Kvart instrument skal ha plass til å vise seg fram.

Rober Wyatt har i tiåra etter dette gjeve ut ei rekke flotte plater, med ujamne mellomrom. Cuckooland frå 2003 er ei av dei beste. Under er ein versjon av opningssporet på Rock Bottom, Sea Song. Det er ei nyare innspeling med trombonist Annie Whitehead.

4 tanker på “Robert Wyatt: Rock Bottom

  1. Takk for dette. Det er morsomt når unge oppegående menn finner tonen med Robert Wyatt. Han er uten tvil en av Englands store popartister.

    Lik

  2. Tilbaketråkk: Outrage – Autoreiji 2010 « anyvacytaf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s