Forhandlingar

Denne veka blir totalt prega av forhandlingane om Soria Moria 2. Vi starta i går, og det vil gå i eit med lange dagar på ubestemt tid. Vi skal gjennom alle politikkområde, og er i gang med eit par av dei mest sentrale + ein runde på dei overordna visjonane for dei neste åra.

Eg ser innom utover veka, men dei mest djupsindige analysane uteblir vel (unde tunger vil kanskje hevde at dei er permanent utestengt frå denne bloggen, men men).

The Beta Band: The Three EP's

I 1999 var The Beta Band redninga til Rock’n’Roll, i alle fall britisk rock. Det er heilt sant. Det stod lange artiklar om det i viktige musikkmagasin, og dei bygde seg ein stor kultskare av tilhengarar. Og i motsetnad til mange andre hypa britiske band, så var dei (etter mitt syn) rockens redning. Ja, eg meiner eigentleg framleis at denne plata og konsertane dei hadde kunne redda rocken. Det var berre det at det aldri skjedde.

The Beta Band var frå Skottland. Dei debuterte med EP’en «Champion Versions» i 1997, og kom ut med EP’ane «The Patty Patty Sound» og «Los Amigos del Beta Bandidos» i 1998. Desse tre er samla på «The Three EP’s»

The Beta Band var kaos. Popkaos, krautkaos, dubkaos, dansekaos – men først og fremst eit anarki av kaotiske element som verka saman.

Det sterkaste inntrykket eg har av The Beta Band er frå dei to gangane eg såg dei live. Dei kom i kvite kjeledressar, spela alle tenkelege (og fleire utenkelege) instrument og bytta plass og instrument rundt i eit – ja, kaotisk – mønster som det var umogeleg å forstå. Det vart gjennomført heilt utan humor. Dei var eit alvorleg band. Det var vakre popsongar, improvisasjonar og rytmeorgiar om kvarandre. Om det likevel var eit samanbindane element så var det rytme. Beta Band sine konsertar var sterkt rytmiske opplevingar. Dei var det første bandet eg følte hadde smelta saman dansemusikken med rock heilt naturleg. Trommesett, trommemaskin, tablas og platespelar fungerte heilt fint saman for dei.

Det er ikkje mogeleg å gjenskape dette heilt på plate, sjølv om det musikalske spennet består. Det er likevel utruleg kor bra det fungerer. Kanskje fordi mange av sangane er sterke komposisjonar? kanskje fordi rytmen også her er drivkrafta? Mest fordi dei verkeleg er orginale trur eg. Det er ingen som dei. På denne plata finn du fleire indie-folkspor, fleire lange rytmeorgiar og fleire psykedeliske krautspor. Alle er bra.

Oppfølgaren – det første eigentlege albumet – er meir ujamnt men på det beste enno betre syns eg. Etter det kom det to kritikarroste plater til som. Dei skulle bli meir solide, og vart meir kjedelege synest eg. Det var mykje snakk om at dei skulle få ut sitt potensiale, men det skjedde aldri. Kanskje fordi desse tre EP’ane var deira potensiale? Det var dette som var nytt og spesielt, ikkje ein forsmak på noko som så mange skriev.

Under finn du tre særs ulike spor. «The Hous Song» i eit liveopptak som eg synest gjer eit godt inntrykk av korleis dei var å sjå på. Psykedeliske «She’s the One» er frå EP nr 2. Vare «Needles in my Eyes» er frå den siste av dei tre EP’ane.

Tysk val

Resultata frå valet i Tyskland er i ferd med å bli klårt, og biletet frå valdagsmålingane ser ut til å slå inn; Angela Merkel vil halde fram som kanslar. Henna parti CDU går noko tilbake, men med støtte frå fridemokratane (som går sterkt fram) dannar det seg eit nytt høgrefleirtal.

SPD  får ein dramatisk tilbakegong (om lag 11%), medan både venstrepartiet Die Linke og Dei grøne går kraftig tilbake. Dei to partia ser ut til å bli om lag like store som SPD.

Den tyske situasjonen er spesiell, og vanskeleg å samanlikne med den norske (sjå til dømes denne analysen). Det er likevel interessant å samanlikne litt med det norske valet.

Det tyske valet viser kor vanskeleg det kan vere å vere juniorpartner i ei Regjering utan å ha topposisjonen. Sjølv eit stort sosialdemokratisk parti slit i ein sånn situasjon, ikkje berre SV. Men SPD sin tilbakegang er ulik SV sin.

SV tapte til AP, ikkje til utfordrarane på utsida (Rødt og Venstre). SPD tapte derimot til den raudare og grønare opposisjonen. Det ser ikkje ut som det er mykje å hente for eit sosialdemokratisk parti som samarbeidar mot høgre. Ein raudgrøn koalisjon er eit av alternativa som kan presse seg fram i Tyskland.

Den venstreorienterte norske regjeringa hadde ein klår motstandar til høgre, var rimeleg populær og haldt på si oppslutning. Den tyske storkoalisjonen tapte over 12% til samaan. Oppsummert; den raud-grøne regjeringa klarer seg veldig bra samanlikna med den tyske, og både SV og (særleg) AP klarer seg relativt sett betre enn juniorpartnar SPD.

Takk for innspel

Tusen takk for stort engasjement og mange innspel til Soria Moria 2 forhandlingane. Mange av innspela er generelle og dreier seg om kva vi skal prioritere eller legge vekt på (som t.d å få til ei større satsing på fornybar energi), men mange er også heilt spesifikke (om studiefinansiering eller adopsjonsstøtte).

Eg skal bruke helga på å gå gjennom dei siste kommentarane og systematisere det heile, samstindes som eg gjer andre førebuingar til SM2.

No er eg på veg til landsstyremøte i SV der vi skal oppsummere valet og diskutere vegen vidare.

Soria Moria 2 revisited

Overveldande respons på SM2 bloggposten. Noko kjent, noko nytt og noko eg heilt hadde gløymd. Hald fram med å skrive inn ting, eg les alt og tek det med me som innspel, råd og framlegg. I tillegg; nytt høvet til å «røyste» på saker ved å bruke tommelfunksjonen.

Soria Moria 2

Framover skal AP, SP og SV forhandle om Soria Moria 2. Alle partia har sine program med seg som utgangspunkt, i tillegg til dei planane vi har lagt fram for åra som kjem og dei avtalane som er inngått i Stortinget.

Berre nokre få får vere med på sjølve forhandlingane. Frå SV er det Kristin Halvorsen, Audun Lysbakken og eg som skal forhandle. Eg vil likevel invitere dokke til å bli med på denne prosessen. Ikkje heilt inn, men i området rundt.

Berre nokre få kan forhandle, men fleire kan vere med på ideutviklinga og veiinga av saker mot kvarandre. SV har allereie fått ei rekke innspel frå organisasjonar og institusjonar. Sjølv mottar eg og slike. Eg vil samstundes gje høve til den enkelte å kome med innspel og synspunkt. Legg igjen dei her i kommentarfeltet. Eg vil lese alt, men reknar ikkje med å svare. Du kan skrive kva du vil, men eit tips kan vere å vere poengtert, kort og ta utgangspunkt i at SVs vedtekne politikk ligg nokonlunde fast. Værsågod!