David Sylvian: Secrets of the Beehive

Høgtid.

David Sylvians namn sprer ei slags høgtidsstemning i mitt indre. Har er ein av mine absolutte favorittartistar, og denne plate må vere ei av dei flottaste gjennom tidene. Det er for sterkt å påstå at ei plate er den beste eg har, men det er neppe eit album eg har høyrd meir på.

Sylvian var vokalist, låtskrivar og frontfigur i «New Romantics» bandet Japan. Melankolsk og teatralsk men fengande popmusikk som kunne minne litt om Duran Duran. På slutten tok Japan ei ny og meir innadvendt retning. Det var denne Sylvian tok med seg vidare når bandet sprakk.

Han debuterte i 1984 med «Brilliant Trees» – ei jazzinspirert popplate som også hentar frå verdsmusikk og samlar ei rekke store musikarar. I tiåra etter har Sylvian med ujamne mellomrom kome med soloalbum og samarbeidsprosjekt med mellom anna den mangeårige og sentrale samarbeidspartnaren Riuichi Sakamoto, samt mellom anna Robert Fripp, Holger Czukay og Burnt Friedman.

Vekas plate er den mest gjennomførte, med dei flottaste songane, den modna stemmen, dei dempa arrangementa spela av dei beste musikarane. Det akustiske og elektroniske glir fint inn i kvarandre. Sylvian har laga mange av dei finaste songane eg veit om. Heilt sentralt i det han lagar står likevel den unike stemmen hans. Den er noko av det mest gjennomtrengande og triste eg kan tenke meg.

Dette er ei haustplate. «Sipping Coke and playing games, September’s here again» syng han på det korte opningssporet. Ikkje heilt min september så langt, men den set hauststemninga frå starten av.

Eg hadde i forfjor haust – omsider – høvet til å sjå David Sylvian live i Oslo. Med dei forventningane eg hadde kunne eg lett bli skuffa, men nei; stemmen er like sterk live, og reportoaret kollosalt sterkt. Han tok oss med på ein tur innom mykje av det beste frå heile karrieren.

Under er «September», «Orpheus» og «When Poet’s Dream of Angels» – den siste i eit liveopptak frå 2004.

4 tanker på “David Sylvian: Secrets of the Beehive

  1. Det tok overraskende lang tid før du henta fram denne. En magisk plate. Konserten hadde ellers et høydepunkt i at Sylvian faktisk framførte Ghosts, fra tida med Japan.

    Lik

  2. Enda ein grunn til å ikkje angre på at eg røysta raudgrønt! Eg er overbevist om at det i dette landet er altfor få som er klar over dette magiske albumet, men no fekk eg meg i alle fall ei gledeleg overrasking. Ikkje berre er eg imponert og fullstendig samd i det du skriv, i tillegg skriv du den på framifrå nynorsk.

    Bård Vegar Solhjell – Du er min nye favorittpolitikar.

    Lik

  3. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Oppdaging

  4. Dette må være hans vakreste og mest stemningsfulle utgivelse så langt. Den viser registeret hans på en fin måte gjennom de neddempede arragementene og det melankolske uttrykket. Blant de nyere kan jeg anbefale «Sleepwalkers», som samler flere av de beste samarbeidsprosjektene. David Sylvian er i det hele en artist som jeg setter veldig høyt, og det blir spennende med konserten på Sentrum Scene 12. februar.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s